I sjølvaste 100-årsjubileumsåret 2023 vil FolkOrgs landsmøte finne stad i Oslo 21.-23.april. Vi har reservert overnatting på Anker Hotel. Vi går i Myllargutens fotspor og landsmøtet vil difor vere i Gamle Logen.  

Sett av datoane 21.-23. april 2023!
Vi håpar sjøvsagt på rekorddeltaking på dette møtet og vi planlegg eit godt program. Så sett av datoen alt no!
 

Vi oppdaterar denne artikkelen med meir informasjon ettersom programmet for Landsmøtehelga vert spikra.

Utsendingar til Landsmøtet
Om utsendingar til landsmøtet seier vedtektene:  

«§6 Utsendingar til Landsmøtet . Stemmerett på landsmøtet har:  

  1. A) Utsendingar frå lokallag, gruppa av yrkesutøvarar eller faglag som er tekne opp som medlemmer og som har betalt kontingent for siste meldingsår innan 31. desember etter følgjande skala: 
  2. Lag med inntil 30 medlemmer: 1 utsending 
  3. Lag med 30–99 medlemmer: 2 utsendingar 
  4. Lag med 100-199 medlemmer: 3 utsendingar
  5. Lag med 200-299 medlemmer: 4 utsendingar
  6. Lag med 300-399 medlemmer: 5 utsendingar
  7. Lag med over 400 medlemmer: 6 utsendingar
  8. B) To utsendingar frå kvart faglag som i hovudsak har institusjonar som medlemmer
  9. C) Ein utsending frå kvart områdelag
  10. D) Styret og varamedlemmer for dei styremedlemmene som ikkje kan møte på landsmøtet

Einskildpersonar som ikkje står tilslutta noko lokallag eller faglag, har ikkje stemmerett.  

Det kan ikkje nyttast fullmakter. Kvar utsending kan berre representere eitt lag.  Alle medlemmer og tilsette i organisasjonen har talerett på landsmøtet. Styret kan invitere andre institusjonar og organisasjonar som observatørar med talerett til landsmøtet.»

Alle medlemmer i FolkOrg har talerett og anledning til å sende inn saker til Landsmøtet. Om de har saker de ønskjer å fremje på landsmøtet må de sende desse til styret innan 15.januar 2023.  

Saker sendes til styret på epost: post@folkorg.no

For spørsmål om Landsmøtet ta gjerne kontakt.
Linda Dyrnes, dagleg leiar
linda@folkorg.no