Konserten "100 år med folkemusikk på 90 minutt" er spelt for første gong! Landslagsdebuten gjekk føre seg under Vossa Jazz sitt 50 års jubileum laurdag 1. april.

Landslaget for Spelemenn - (Foto: Liv Annette Nygjerdet)
Erik Sollid og Tuva Syvertsen (Foto: Runhild Heggem)
Innbyttarbenken for Landslagskampen på Voss (Foto: Runhild Heggem)

Landslagskonserten har fått navnet «100 år med folkemusikk på 90 minutt». Forfattar og skodespelar Liv Gulbrandsen losa oss gjennom dei hundre åra frå Landslaget for spelemenn vart stifta og dei 50 åra som har gått sidan Vossa Jazz vart stifta. Liv leverte humor, alvor og historikk med ein outsiders respektfulle skråblikk. Vi vil gjerne høyre meir frå Liv og vonar ho får fleire speleminutt i neste kamp!

Dersom du ikkje fekk med deg Landslagets første kamp, vil du få anledning både på FØRDEFESTIVALEN i juli og på RIKSSCENEN i haust. Du kjem ikkje til å angre dersom du sikrar deg billett til ein av desse kampane!

Liv Gulbrandsen (Foto: Runhild Heggem)
Her får du ein liten smakebit frå konserten
Her får du ein liten smakebit frå konserten
Voss Spelemannslag - Landslagsinnbytar avdeling Voss (Foto: Liv Annette Nygjerdet/FolkOrg)
Landslaget for spelemenn med innbytarbenk og støtteapparat.

(Foto: Runhild Heggem/Vossa Jazz)