Styret i FolkOrg har, i samråd med lokale arrangørar av Landskappleiken 2021 i Tinn og Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2021 i Vågå, vorte samde om å avlyse båe arrangementa også i 2021.

Vi ønskjer Landskappleik og Landsfestival  for alle!

«Det er tungt å måtte avlyse Landskappleiken og Landsfestivalen for andre år på rad, men vi meiner det er så stor usikkerheit knytt til smittesituasjon og vaksineframdrift  at vi ikkje har  anna val. Vi kan ikkje risikere store økonomiske tap for dei lokale arrangørlaga dersom dei skulle halde fram med planlegging og inngåing av forpliktande  avtalar som må gjerast i løpet av kort tid», seier styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan.

Heile styret i FolkOrg er samde i avgjersla som er teken saman med dei lokale arrangørlaga. «Vi har stor forståing for at mange er skuffa no og gjerne skulle sett at arrangementa vart gjennomført, sjølv med smitteverntiltak. Men, vi ønskjer ikkje å ekskludere nokon på våre arrangement, anten det gjeld deltakarar, publikum eller frivillige, så i staden for å gjennomføre LK og LF for dei få, er det mest rettferdig for alle at vi utsett våre to hovudarrangement til neste år», seier Reitan på vegne av alle dei involverte.

Landskappleiken 2021 skulle ha vore arrangert på Rjukan i Tinn kommune
«Det kjennes rart og uvirkelig at me ikkje kan samlast te Landskappleiken i Tinn i 2021 heller, men slik er det dessverre. Med det me veit i dag så er det ikkje gjennomførbart i forhald til smittesituasjonen. Men…. I 2022 ynskjer me heile folkemusikkNoreg velkomne til tidenes Landskappleik. Det må me gå ut i frå, me gjev ikkje opp!» seier leiar for hovudnemnda Øystein Haugen på vegne av heile arrangørgjengen i Gransherad, Seljord, Rauland og Tinn.

Det betyr at Landskappleiken som skulle ha vore i Lom i 2022 vert flytta til 2023 og at Landskappleiken som skulle vore arrangert på Gol i 2023 vert flytta til 2024. Dette er i samråd med dei lokale arrangørane.

www.landskappleiken.no
www.facebook.com/landskappleiken

www.landsfestivalen.no
www.facebook.com/landsfestivalen

 

Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2021 skulle ha vore arrangert av Vågå trekkspelklubb i Vågå.

Året 2021 skulle bli det store festival- og kappleiksåret. Eit år der vi endeleg kunne samlast i dansen, musikken, og praten, seier Steinar Løkken, leiar av hovudnemda for den neste Landsfestivalen i gammaldansmusikk. «Vi i Hovudnemnda for Landsfestivalen i Vågå har sidan fjoråret hatt tett dialog med FolkOrg, og vi har no teke avgjersla om å ikkje arrangere Landsfestivalen i år grunna Covid-19. Vi såg lenge med optimisme fram mot sommaren 2021, men slik situasjonen ser ut no er det ein viss risiko for at ein eventuell festival og kappleik må arrangerast med restriksjonar. Vi veit at både dansarar, publikum og ikkje minst musikarar er sveltefora på å danse saman, konkurrere, og spele til dans. Vi håper og trur likevel at det er forståing for avgjersla, for skal det vera Landsfestival i Vågå så skal det vera skikkeleg!», seier Steinar Løkken. Heile Vågå trekkspelklubb er samde i at den neste Landsfestivalen i gammaldansmusikk skal verta skikkeleg, og dei ønskjer oss difor alle velkomne til Vågå i 2022, då dei endeleg kan seie «takk for sist!»

Innan kort tid kjem det informasjon om kven som skal arrangere Landsfestivalen i gammaldansmusikk etter 2022.

Lokale kappleikar og arrangement
Når vi no må avlyse dei to store, nasjonale arrangementa, vil FolkOrg  i staden oppmode alle lokale og regionale lag om å gå saman om  å arrangere mindre, lokale stemner, kappleikar og treff rundt om i heile landet slik at vi opprettheld aktivitetar så langt det let seg gjere. Styret har vedteke å opprette ei ny stønadsordning der lag og medlemmar kan søkje om økonomiske tilskott til å gjennomføre lokale arrangement. I tillegg vil FolkOrg bidra med rådgjeving. Det kjem meir informasjon om dette på FolkOrg sine nettsider innan kort tid.

 «Vi håpar dette kan vere eit lite plaster på såret for alle som lengtar etter å møtast, og satsar på å få mange gode søknader frå heile landet. Så kan vi gle oss desto meir til  at Landskappleiken på Rjukan og Landsfestivalen i Vågå brakar laus for fullt sommaren 2022″, seier styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan

Vi gler oss til 2022!

Hedmark junior Spelemannslag
Foto: Thomas Westling
Lom Spelemannslag
Foto: Audun Stokke Hole
Grinstuen og Midtlis orkester
Lom 2015
Foto: Thor Hauknes
Røros Folkedanslag
Foto: Runhild Heggem
Mamalooks
Foto: Runhild Heggem
Gamlebanken spelemannslag
Foto: Liv Annette Nygjerdet

Du finn fleire fine festival- og kappleiksbilete på vår Flickr konto som du finn her:

https://www.flickr.com/photos/82915246@N03/albums 

 

Merk at bileta på flickr-kontoen er merka med navn på fotograf og at du ikkje kan dele/bruke desse bileta fritt.