Det er ei krevjande og tung avgjerd å ta, men vi meiner det er heilt naudsynt når landet er i ein krisesituasjon vi ikkje har opplevd maken til i nyare tid.

Ei tung avgjerd
Styret i FolkOrg har, i samråd med lokale arrangørar av Landskappleiken 2020 i Tinn og Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2020 i Fron, vorte samde om  å avlyse båe arrangementa i 2020. Det betyr at Landskappleiken vert avlyst for første gong sidan 2.verdskrigen –  Landsfestivalen i gammaldansmusikk vert avlyst for første gong.

Det er ei krevjande og tung avgjerd å ta, men vi meiner det er heilt naudsynt når landet er i ein krisesituasjon vi ikkje har opplevd maken til i nyare tid. Det er første gong  Landskappleiken vert avlyst sidan 2. verdskrigen, så dette er ein dramatisk situasjon også for organisasjonen vår.

Situasjonen er for tida svært uavklåra, og sjølv om dei strenge og inngripande tiltaka som no er sett i verk kan bidra til å redusere smitteomfanget, har vi ingen garanti for at dette ikkje kan ta seg opp att når dei strenge restriksjonane blir lempa på.

«Vi kan ikkje risikere å utsette folk for smitteeksponering ved å gjennomføre to store arrangement med tett kontakt mellom folk, mot alle råd og restriksjonar frå helsemynde og regjering. Vi kan heller ikkje risikere at våre lokallag knekk ryggen økonomisk dersom dei skulle halde fram med planlegging og inngåing av avtalar med leverandørar og kommersielle samarbeidspartar, no når det er så stor usikkerheit knytt til gjennomføring. Da er det betre å avlyse sommarens arrangement først som sist, og kome sterkare attende i 2021» seier styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan.


Landskappleiken 2020 skulle ha vore arrangert på Rjukan i Tinn kommune

«Hovudnemnda for Landskappleiken 2020 Tinn ser at det å gjennomføre dette arrangementet i Korona-året vert vanskeleg. Det er uvisst kor lenge dette kjem til å vare. Vi  må difor avlyse årets landskappleik. Men så er det no heldigvis slik at det kjem nye år. Og vi har difor bestemt, i samråd med FolkOrg, at Landskappleiken 2021 vert på same stad med dei same folka og på same viset som me skulle hatt i år. Alle som ein. Ta vare på kvarandre,  spel, dans og syng. Me møtest i Tinn 23.-27. juni 2021», seier leiar for hovudnemnda Øystein Haugen.


Leiar for Landskappleiken 2020, Øystein Haugen

Det betyr at Landskappleiken som skulle ha vore i Lom i 2021 vert flytta til 2022 og at Landskappleiken som skulle vore arrangert på Gol i 2022 vert flytta til 2023. Dette er i samråd med dei lokale arrangørane.

Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2020 skulle ha vore arrangert på Harpefoss i Fron kommune

Leiar for hovudnmenda i Fron, Øystein Rudi, har følgjande kommentar til at Landsfestivalen i 2020 no vert avlyst:

«Hovudnemnda  for Landsfestivalen i Fron 2020 har sidan utbrotet av Covid 19 vore i tett kontakt med FolkOrg. Vi beklagar sterkt at pandemien gjer det nødvendig å avlyse festivalen. Dette er leitt for publikum og deltakarar, for lokalsamfunnet og for eit stort vertskap har gledd seg til å bidra til gode festivalopplevingar i Fron, men den uavklara situasjonen medfører for stor risiko for dei lokale arrangørlaga. Vi ønskjer deltakarar, publikum og gode medhjelparar det aller beste framover og ønskjer velkome til Landsfestivalen i Fron ved neste høve!»


Leiar for Landsfestivalen 2020, Øystein Rudi

FolkOrg, Landsfestivalen i Fron 2020 og Landsfestivalen i Vågå 2021 er samde om at festivalen i 2021 skal gjennomførast i Vågå som opphaveleg planlagt.


Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Vågå 2021

Leiar for hovudnemnda for Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Vågå 2021, Steinar Løkken, seier at dei alt er i gang med førebuingane, og han ønskjer velkomen til Vågå 4.-8. august 2021.

 


Styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan

For nærare informasjon ta gjerne kontakt med:

Styreleiar i FolkOrg
Hilde Reitan
Telefon 48 23 41 01