Setesdal spelemannslag er tildelt Landskappleiken 2026. Arrangementet vert arrangert på Hovden 25.-29. juni 2026!

 

Styret i FolkOrg tildelte på førre styremøte Landskappleiken 2026 til Setesdal Spelemannslag, med Hovden som arrangementsstad. Det er første gong i historia at Landskappleiken blir arrangert i Setesdal og FolkOrg er svært glade for at nye arrangørar kjem på banen. Vi er avhengige av engasjerte lokalmiljø for å kunne arrangere Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk, og vi gler oss til å samarbeide med Setesdal Spelemannslag fram mot Landskappleiken 2026!

Eit arrangement som Landskappleiken krev gode tevlingsarenaer, gjerne fleire lokale av ulik storleik for dei ulike tevlingsklassene. Det må også vere tilstrekkeleg med overnattingskapasitet og gjerne korte avstandar mellom dei ulike arenaene og overnattingsstadene. På Hovden har dei god infrastruktur, både i høve fleire godt eigna lokale og eit utval av ulike overnattingstilbod som ligg i rimeleg gangavstand til kvarandre. Det skal mange frivillige til for å ivareta alle oppgåvene som skal løysast både før, under og etter eit så stort arrangement, og sjølv om det ikkje er så mange fastbuande på og i nærleiken av Hovden, vil lokal arrangør søke breitt utanfor eigen region for å få  rekruttert nok frivillige. Vi oppmodnar og alle som er tilreisande til Landskappleiken om å ta på seg ei friviljugvakt.

Hovudarenaen på Hovden blir ridehallen, med mattelt og stemnekontor på same område. Bykle kommune er allereie på ballen og vil hjelpe til med nødvendige tilretteleggingar i hallen. Dei andre tevlingsarenaene blir Hovden grendehus med volleyballhall og kinosal. Som turistdestinasjon, har Hovden eit stort og variert overnattingstilbod og det vil bli satt opp shutlebuss mellom arenaene.

-FolkOrg er både takknemlege og glade for at Setesdal spelemannslag ønskjer å ta på seg oppgåva med å arrangere Landskappleiken på Hovden i 2026. Det er fyrste gongen Landskappleiken blir lagt til Setesdal, og vi er difor svært nøgde med at arrangementet blir lagt til denne regionen, ikkje minst for å skape meir merksemd og blest om det viktige arbeidet dei gjer for å forvalte dans, spel og kveding frå Setesdal, som i 2019 vart oppført på UNESCO si liste over Noregs immaterielle kulturarv, seier Hilde Reitan, styreleiar i FolkOrg. 

Vel møtt til Landskappleiken 2026 på Hovden!

 

Under finn du oversikt over kor dei kommande arrangementa skal vere:

Landskappleiken:
2024 – Gol. Arrangørar er Gol spel og dansarlag.
2025 – Eidfjord. Arrangør er Hardanger spelemannslag.
2026 – Hovden. Arrangør er Setesdal Spelemannslag.

Landsfestivalen i gammaldansmusikk:
2024 – Vestnes. Arrangør er Møre og Romsdal folkemusikklag.
2025 – Oppdal. Arrangør er Oppdal Spell- og dansarlag.
2026 – Vågå. Arrangør er Vågå Trekkspelklubb.

Foto: Runhild Heggem