Korleis kan ein starte opp att med øvingar i lag og samstundes oppretthalde smittevernet? Her finn du tips og råd.

SMITTEVERN:
Vi oppmodar om at haustens lagsaktivitetar vert planlagt med gode tilretteleggingar for smittevern, ved å følge nasjonale råd og ta ekstra hensyn til lokale forhold.

Merk at det er til ein kvar tid vedtaka og råda frå helsestyresmaktene i kommunen de høyrer til som gjeld. Oppdatert informasjon skal vere tilgjengeleg på heimesida til kommunen,og om de er i tvil så oppmodar vi alltid til å ta kontakt med kommunelegen for å få råd og rettleiing.

Ved lagsøvingar i spel og dans er det særs viktig å hugse på desse punkta: 

  • Sjuke personar skal ikkje delta på øvingar
  • God hygiene og fokus på smittevern hjå dei som deltek. Pass på å ha godt reinhald i øvingslokalet og mulighet for håndvask og desinfeksjon.
  • Inga fysisk nærkontakt mellom personar som ikkje er i same husstand (eller er faste partnarar)
  • Sørg for at øvingslokalet er egna både med tanke på avstand og på smitteverntiltak.
  • Vær varsam med sambruk av instrument og utstyr.
  • Øvingslokalet må vera egna og ha nok plass til både utøvarar og utstyr. Bruk oversiktlige lokal som er store nok til å følgje tilrådinga om avstand. Følg anbefalt minstekrav til areal (sjå tabell frå Norsk Musikkråd nedst på sida)
  • Følg med på kva reglar som gjeld om krav til avstand, gruppestorleig og maks antall deltakarar. Endringar kan komma på kort varsel.
  • Eldre personer (frå 20 år og eldre) må halde fram med å følge regelen om éin meter avstand.
  • Det blir gjort unntak frå kravet om minst éin meter avstand mellom profesjonelle utøverar (20 år og eldre) innan kultur og idrett. Men dette gjeld føreløpig altså ikkje amatørar. 

Det er ikkje tilrådd å gjennomføre aktivitet med mindre de er heilt trygge på at aktiviteten ikkje bidreg til auka smitterisiko og at den kan utøvast i samsvar med tilrådingane rundt smittevern. I motsatt fall, skal aktiviteten avbrytast.

SMITTEVERNRETTLEIAR:
Norsk Musikkråd har utarbeidd ein smittevernrettleiar for musikkøvingar.  Mange av punkta her kan òg overførast til danseøvingar.
Vi oppmodar om å lese gjennom rettleiaren nøye før de tek til med evt øvingar, og å henge opp plakten for smittevern i øvingslokalet.

Den som er ansvarlig tilretteleggar av musikk og danseøvingar har eit særskilt ansvar for å informere. Det anbefales at rettleiaren sendast til alle utøvarar som skal delta, og at plakaten skrivast ut og hengast opp på ein synleg stad i lokalet.

SPELØVINGAR:
Her gjeld dei generelle råda for smittevern som du finn i kolonna til venstre og i smittevernrettleiaren til Norsk Musikkråd.

SÆRSKILDE TIPS TIL DANSEØVINGAR:
Ettersom regelen med 1 meters avstand framleis gjeld, må også dansing foregå på 1 meters avstand.
Her er ulike døme på aktiviteter som kan nyttast på danseøving og samstundes oppretthalde godt smittevern:

  • Lausdans/halling
  • Føre/følgje utan å halde tak
  • Øve teknikk (steg, rytme, svikt, balanse, sviv)
  • Rekkjedansar (utan samtak)
  • Danse med tau, stav osb mellom para
  • Ein kan òg ha alternativt innhald på øvingane som t.d. felles turar, kveldsmat, songøvingar eller å sjå på arkivopptak av dans i lag.

Danseøvingar med faste par (også utanom husstanden) er ikkje tilrådd enno, men vil nok bli mogeleg på sikt.

________________________________________
DANSEØVINGAR FOR BARN OG UNGE
Barn og unge under 19 har lov til å delta i aktivitetar med nærkontakt (som t.d. dans). Det er då viktig å følgje desse punkta:

  • Faste grupper inntil 20 personar under 20 år kan ha nærkontakt under sjølve aktiviteten, men ikkje før, etter, eller i pausar
  • Utstyr og rekvisittar kan delast, me må reingjerast mellom kvar økt
  • Utstyr som har svært tett kontakt med ansikt og hender bør ikkje bli delt utan at dei vert reingjort mellom kvar brukar

Sjå også info frå Norges Danseforbund om korona og danseøvingar her.

___________________________________________

VÆR KREATIVE! 
På grunn av 1-metersregelen er det foreløpig vanskeleg å gjennomføre danseøvingar for vaksne som normalt.
Vi oppmodar likevel alle lag til å halde lagsaktiviteten i gong så godt det lar seg gjere som ein viktig møtestad sjølv om den ordinære aktiviteten uteblir. Det sosiale møtepunktet i eit lag er for mange svært verdifullt i kvardagen.

Korleis kan vi møtast i dansen utan nærkontakt? Det er truleg berre kreativiteten som stoppar oss. Vi vil difor oppfordre alle til å dele sine gode idear med kvarandre. Her gjeld det å tenkje både alternativt og kreativt. Vi tek gjerne i mot tips og tilbakemeldingar på aktiviteter til alternativt innhald på spel- og danseøvingar!

Vi ynskjer alle ein god spel- og dansehaust!

 

PLAKAT FOR SMITTEVERN 
(klikk på biletet for å forstørre)

TABELL FOR TILRÅDD STORLEIK I ØVINGSROM:
(klikk på biletet for å forstørre)