Mari Midtli vann klassa Vokal A på Landskappleiken i Vågå i 2019. Her kan du lære ho litt betre å kjenne og lære deg ein visestubb om du vil.

Mari Midtli vann klassa for Vokal A på Landskappleiken i Vågå i 2019. Ho fortel litt om korleis ho starta med song og kva Landskappleiken har betydd for ho gjennom åra. Stubben ho lærer deg her heiter «Hvor såre lide skal det til» etter Kristian Åsmundstad, og ho tenkjer denne stubben kan være ein påminnar om kva som er viktig i denne koronatida.

Filmselskapet Fabelaktiv har laga ein serie på fem episodar for FolkOrg. Det er fem av klassevinnarane frå Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2019 som har fått besøk via internett av Pål Bratås i Fabelaktiv.

Trykk på biletet under for å starte filmen om Mari. Under filmen ligg lydfila til visestubben slik at du kan høyre på den så mange gonger du vil. Det finns ulike appar/program som gjer at du kan spele av opptak i ulikt tempo. Eit slikt program kan kanskje være til hjelp for å lære deg slåttar betre dersom du til dømes er fersk spelar. Eit av desse heiter «Amazing Slow Downer» som du kan søke opp og lese meir om dersom du vil.

 

Lær deg stubben "hvor såre lide skal det til" av Mari Midtli, vinnar av Vokal A på Landskappleiken i 2019.
Film: Fabelaktiv. Foto: Johan Røed

Hør Mari Midtli synge «Hvor såde lide skal det til»