Ny søknadsfrist er 1. mai 2019.

Innhald i søknaden
I søknaden bør søkjaren ha med informasjon om laget/laga som står bak, og bakgrunnen for søknaden. Det skal også gjerast greie for overnattingskapasitet, tevlingsarenaer med øvingsrom, samt bemannings- og dugnadskapasitet.

Søknader som dokumenterer at kommune og næringsliv stiller seg bak søknaden, og at dei blir aktive, gode støttespelarar økonomisk og/eller på anna vis, vert prioriterte.

Dersom enkeltpersonar tykkjer at laget sitt skal vurdere å søkje, må dei ta dette opp direkte med styret i laget. Det er viktig at det blir sett i gong prosessar internt i laga der spørsmålet om å ta på seg arrangøroppgåver vert drøfta.

I søknaden må det leggast ved ein styrevedtak i søkjarlaget/søkjarlaga om søknaden, med underskrift av styreleiaren.

På styremøte 3/2016 vart det bestemt følgjande av styret i FolkOrg:
Landskappleiken skal normalt arrangerast i veke 26 og Landsfestivalen i veke 31. Det skal mykje til før styret i FolkOrg gjer unntak frå det, då det er uheldig med kollisjonar med andre folkemusikkarrangement.

Interesserte kan på førehand ta kontakt med FolkOrg sentralt for meir informasjon. Søknadsfristen er 1.mai 2019.

Søknad kan sendast på e-post til ingrid@folkorg.no eller i posten til:

FolkOrg v/ Ingrid Schei Stuhaug
Postboks 4613, Sofienberg
0506 OSLO