Frivillige kulturorganisasjonar og lag som ønskjer inkludere flyktningar frå Ukraina kan søkje på ei ny stønadsordning frå Norsk Musikkråd. Kanskje kan ditt lag bidra til å gje ukrainske flytningar ein betre kvardag?
Kulturfellesskap med ukrainske flytninger er eit inkluderingsprosjekt for frivillige lag og organisasjonar og er eit samarbeid mellom Norsk musikkråd, Musikkens studieforbund og Kulturalliansen.
Prosjektet har ei stønadsordning der organisasjonar og lag innan det frivillige musikk- og kulturliv kan søkje om stønad til inkluderingsaktivitetar. Ordninga skal styrkje flyktninganes livskvalitet, gje mogelegheit for deltaking i musikk- og kulturaktivitetar, skape inkludering i lokalsamfunnet og gje tilgang til sosiale nettverk.
Midlane skal nyttast for å fremje aktivitet blant ukrainske flyktningar busett i kommunar eller på mottak. Det vert gitt stønad til både små og store tiltak. Søknadane handsamast fortløpande og det er kort behandlingstid.
Kva kan få stønad? Både små og store tiltak kan få støtte. Døme på aktivitetar som har fått stønad er inkluderingsaktiviteter i korps, kor og strykeorkester, byvandring, lesestunder, festivalar, konsertar, filmproduksjon og songkveldar.
De kan og få stønad til å dekkje meirkostnader knytta til utvidelse eller tilpassa aktivitet. Døme på slike kostnadar kan vera tolk, omsetjing, reise, instruktørar, informasjonsmateriell og leige av lokale.
Les meir om ordninga her: Tilskuddsordning: Kulturfellesskap med ukrainske flyktninger – Norsk musikkråd