Kulturlivet ligg skadeskutt etter ein pandemi som ramma dette feltet særleg hardt. Det er difor skuffande å lese Solberg-regjeringas siste budsjettframlegg.

Kutt i momskompenasjon, mager indeksregulering, ingen forlenging av koronatiltak og magert til gjenoppbyggingsarbeidet, viser at regjeringa har liten forståing for langtidskonsekvensane pandemien har for kulturlivet. Det blir difor spanande å sjå kva den nye regjeringa vil legge fram i sitt budsjettforslag.

Dette er nokre av funna vi har gjort i kulturbudsjettet som Kulturminister Abid Raja la fram i går:

Kutt i momskompensasjon til frivillige organisasjonar

Regjeringa gjer framlegg om å kutte momskompensasjonen til frivillige organisasjonar med heile 50 millionar kroner. Det er det siste organisasjonane treng etter lang nedstenging. Det viser nok ein gong kor viktig det er å innføre ei regelstyrt ordning med full momskompensasjon. Det er difor positivt at den nye regjeringa har ei reglestyrt ordning for momskompensasjon som ei av sine satsingar i regjeringsplattforma.

Mager indeksregulering

Organisasjonane og institusjonane på folkemusikk- og folkedansfeltet har fått ein mager indeksregulering av driftstilskota. Det gjeld også dei fleste andre organisasjonane som har driftstilskot gjennom Kulturdepartementet. FolkOrg hadde søkt om ekstra tilskot for på alvor å sette i gong planlegginga av 100-årsjubileet i 2023, men har ikkje fått gjennomslag for det.

Eit positivt unnatak er at Fjelldansen, eit regionalt kompetansesenter for dans i Valdres og Hallingdal, drifta av Frikar, i samarbeid med Teater Innlandet og Ål Landsdelsscene for dans. Dei har gått frå 460 000 kr i tilskot til 610 00 kr. Når det er sagt, er det framleis lite samanlikna med andre dansesjangrar.

Norsk kulturråd og Fond for utøvande kunstnarar

Trass i at Norsk kulturråd saman med Norsk filminstitutt har fått i oppgåve å legge ein plan for gjenoppbygginga av kulturlivet, synast ikkje det att i budsjettet. Både Norsk kulturfond og Fond for utøvande kunstnarar har fått ei beskjeden indeksregulering.

Det har auka talet på kunstnarstipend med 20 og indeksregulert dei. Det er eit steg i rett retning, men langt i frå nok.

Det er positivt at Kulturdepartementet vil vurdere å etablere ei fast, statleg stønad til festivalar og festspel. Det er samstundes viktig å minne om at det er eit behov også for heilårsarrangørar, som slit enda meir med økonomien.

Andre ting

Det er positivt at Solberg-regjeringa har sett av 20 millionar kronar til Frivillighetens år i 2022. Vi håpar at den nye regjeringa vil vere meir positive til eit Folkemusikkens og folkedansens år i 2023 enn den avtroppande.

Regjeringa held fram med å saldere kulturbudsjettet ved å legge stadig fleire tiltak inn i spelemidlane, slik at tiltak som Frifond, regionale kulturbygg og Kulturrom neppe får sårt tiltrengt auke.

Vi ser no med store forventningar fram til den nye regjeringa legg fram sitt budsjett.