FolkOrg skal ha styremøte 26. mars og vil då ha spesielt fokus på situasjonen med koronavirus.

Folkehelseinstituttet har kome med eit scenario som seier at koronaepidemien kan ramme Noreg hardast utover våren og sommaren. Difor er det forståeleg at mange lurar på om det blir Landskappleik og Landsfestival i gammaldansmusikk i sommar.

FolkOrg vil ha tett dialog med lokal arrangør kring dette. Vi må rette oss etter det sentrale myndigheiter bestemmer, og det dei elles rår oss til å gjere. Det er difor for tidleg å ta avgjersler kring gjennomføring av årets arrangement.

FolkOrg skal ha styremøte 26. mars og vil då ha spesielt fokus på situasjonen med koronavirus. Styret vil då diskutere konsekvensar av om årets arrangement skulle verte avlyst.

Vi kjem attende med meir informasjon om dette etter styremøtet.