H. M. Kongen har tildelt felemakar Sigvald Rørlien kongeleg fortjenstmedalje for sin innsats for norsk folkemusikk og hardingfelemakartradisjon!

Det er Voss spelemannslag som melder dette i ei pressemelding, og dei skriv:

Sigvald Rørlien er ålment sedd på som ein av dei fremste hardingfelebyggjarane i dag. Han har gjennom pedagogisk verksemd lært opp ein ny generasjon hardingfelemakarar, og gjennom dette arbeidet vore med på å redda, og vidareføra den handlingsborne kunnskapen til neste generasjon. Dette arbeidet er heilt uvurderleg for ettertida.  Sigvald Rørlien er ein sjeldan kunstnar som ikkje berre tek vare på tradisjonen på framifrå vis gjennom stor fagleg tyngd, men evnar å vere utviklingsorientert og nysgjerrig. Slik er han med på å utvikle hardingfelemakarfaget, og ikkje berre konservere byggeprosessane.

Sjølve overrekkinga vil skje i Osasalen på Ole Bull akademiet laurdag 28. mars kl. 16 00. Det vert «mingling» i forkant frå kl. 15 30. Voss Spelemannslag ynskjer alle som ynskjer å vera med hjarteleg velkomne!

Kontaktperson
Ragnhild Blikberg på ragbli@gmail.com / 942 88 589


Sigvald Rørlien
Foto: Voss spelemannslag