Har laget ditt planar om opplæringsprosjekt eller andre kompetansehevende tiltak? Søk om prosjektstønad gjennom KOMP innan 25. februar!

Kva er KOMP?
KOMP er ei tilskotsordning for kortare opplæringsprosjekt og andre kompetansehevande tiltak som skal styrkje og utvikle aktivitet, utøving og kvalitet innanfor rytmiske sjangrar som rock, jazz, norsk og samisk folkemusikk, verdsmusikk, blues, viser, hiphop etc.

KOMP vert tildelt gjennom Kulturdepartements disponering av overskotet til Norsk tipping. Årleg vert 1,5 millioner kroner sett av til KOMP-ordninga.

Målgruppe
Organisasjonar og lag, frittståande grupper, bandsammenslutningar, kulturskuler og andre kommunale kulturaktører innanfor dei rytmiske sjangrane.

Søknadene vert handsama av KOMP sitt fordelingsutvalg i mars.

KLIKK HER FOR Å SJÅ RETTINGSLINENE FOR KOMP.

Korona og tilskot
Mange i det frivillige organisasjonslivet må avlyse planlagte arrangement og prosjekt på grunn av pandemien. Her kan du lese meir om kva Norsk Musikkråd skriv om konsekvensar for tilskotsordningar i samband med korona og evt avlysing. 

Ny søknadsportal
For å søkje på KOMP må du eller kontaktpersonen for søknaden registrerast som brukar i portalen. Du skal ikkje registrere organisasjonen, foreninga, lokallaget e.l. Informasjon om gruppa/laget skal derimot leggast inn i sjølve søknaden.

Hvis du møter på problem kring registrering av brukar eller utfylling av søknadsskjemaet, send epost til tilskudd@musikk.no for hjelp.

Du søkjer via Norsk Musikkråd sin søknadsportal.

Søknadsfrist for KOMP i 2021 er 25. februar.

Norsk Musikkråd sin søknadsportal
For å søkje på KOMP, må ein sende søknad gjennom Norsk Musikkråd sin søknadsportal. For å sende søknad gjennom portalen, må ein fyrst opprette brukar.

Klikk her for å gå til søknadsportalen. 

Korleis opprette brukar?
Klikk her for å sjå korleis du går fram for å opprette brukar i søknadsportalen.

Korleis sender eg inn søknad?
Klikk her for å sjå korleis du skal gå fram for å sende inn søknad gjennom søknadsportalen.

*
For spørsmål og henvendingar om KOMP og søking på ordninga, ta gjerne kontakt med Solfrid Nestegard Gjeldokk i FolkOrg – solfrid@folkorg.no, tlf. 415 52 655.