Organisasjon

Vi arbeider for folkemusikken og folkedansen i Noreg ved å styrke deira rolle og vilkår i samfunnet.

Dagleg leiar: Aslak Brimi / aslak@folkorg.no / +47 909 69 383
Styreleiar: Hilde Reitan / hilde.reitan@folkorg.no / +47 482 34 101

> Les om våre medlemsfordelar
> Bli medlem
> Våre medlemslag

 

Linda Dyrnes, Fotograf Thor Hauknes

Kulturbudsjettet 2022: Kor vart det av oppbygginga av kulturlivet?

Kulturlivet ligg skadeskutt etter ein pandemi som ramma dette feltet særleg hardt. Det er difor skuffande å lese Solberg-regjeringas siste budsjettframlegg. Kutt i momskompenasjon, mager indeksregulering, ingen forlenging av koronatiltak og magert til gjenoppbyggingsarbeidet, viser at regjeringa har liten forståing for langtidskonsekvensane pandemien har for kulturlivet. Det blir difor spanande å sjå kva den nye regjeringa vil legge fram i sitt budsjettforslag.