Styreleiar Hilde Reitan ser i denne julehelsinga attende på eit aktivt og godt folkemusikk-år.

Vi nærmar oss jul og vi kan sjå attende på eit innhaldsrikt og spanande folkemusikkår.  Det blir meldt  om stor aktivitet over heile landet, og svært mange lokallag driv godt og målretta lagsarbeid, spesielt med tanke på aktivitetar for barn og unge. Samarbeidet vi har inngått med Dextra Musica har stimulert til mange gode rekrutteringsprosjekt, og fleire av desse blei presentert under Folkelarm i haust. Eg blei både stolt og glad over å sjå og høyre om alle dei spanande prosjekta som no går føre seg over heile landet. Dextra Musica er også i ferd med å bygge opp ei god instrumentsamling med hardingfeler for utlån til særskild utvalde musikarar. Vi er svært takknemlige for å ha fått med oss Dextra Musica som sterk støttespelar, slik at feltet får tilgang på ressursar på fleire plan.

Det var stor oppslutning på både Landskappleiken i Trysil og Landsfestivalen i Skjåk, og vi kan glede oss over to solid  gjennomførte og svært trivelege arrangement. Tusen takk til dei to arrangørlaga; Trysil-Knut Dans og Spelmannslag og Skjåk spel- og dansarlag for vel utført jobb og for at de tok på dykk desse store arrangementa!

Den store folkemusikkhelga i Oslo i november blei innleia med Folkelarm, som baud på eit innhaldsrikt program med artistar av ypparste kvalitet. Folkelarm har blitt  eit populært  bransjetreff med stor pågang av artistar som ønskjer å presentere seg på denne arenaen. Folkelarmprisane blei delt ut laurdag kveld og er ein viktig heider til alle dei dyktige folkemusikarane og deira plateselskap som gjev ut folkemusikk av høg kvalitet kvart einaste år. Det blei også  delt ut prisar til årets folkemusikkarrangør, Trad Session i Fredrikstad og til  årets lokallag, Hardanger spelemannslag.

Finalen i INTROfolkgjekk føre seg tidleg laurdag kveld, og det var til slutt Ole Nilssen som trekte det lengste strået og som kunne innkassere heile  100 000 kroner i Gramostipend. Gratulerer til alle prisvinnarane!

Helga blei toppa med ein storslått meisterkonsert i Den Norske Opera, profesjonelt gjennomført og med mange store høgdepunkt! Stortingspresidenten delte ut prisen til Årets folkemusikar, som i år gjekk  til dyktige og allsidige Anne Hytta. Stor stas var det også at det blei sendt eit  innslag frå operaen på NRK Kveldsnytt – det er ikkje daglegdags!

 

I tillegg til desse store hendingane blir det arrangert ei mengd små og store festivalar, konsertar, dansefestar, kappleikar mm  over heile landet kvart einaste år, og som avheng av innsats frå dei friviljuge. Det er godt å registrere at dugnadsanden framleis er  levande i vårt miljø, og vi takkar alle som stiller opp år etter år på friviljug basis!

Vi jobbar heile tida med å betre rammevilkåra for FolkOrg og våre medlemmar, og nyttar alle moglegheiter til å påverke sentrale styresmakter, både gjennom høyringar og i direkte møte med politikarar. Det blir også jobba medvite med påverknad og bevisstgjering av media si rolle for å eksponere folkemusikken og –dansen for eit breiare publikum, og vi deltek aktivt på ulike kulturarenaer og  i kulturdebattar.   Dette er viktig arbeid for å synleggjere at vår genre skal og må ha sin  naturlege plass i det norske kulturbiletet  og med rammevilkår ein kan leve med.

Takk til dykk alle, både profesjonelle utøvarar og amatørar, heilårsarrangørar og festivalar, som gjennom dykkar engasjement og deltaking på ulike arenaer, bidreg til å lyfte folkemusikken og –dansen opp og fram!

Eg ønskjer dykk alle  ei riktig god jul og eit godt nytt år!

Hilde Reitan
Leiar i FolkOrg