- Eg vil på vegne av styret og administrasjonen i FolkOrg ønskje dykk ei riktig god jul og eit godt nytt år!

Jula nærmar seg, og eg håpar du har hatt ei triveleg førjulstid saman med oss gjennom sendingane AdventFolk. For meg har det vore ei stor glede å få møte alle dei flinke og engasjerte folka rundt om i heile landet gjennom desse fire programma, som trass i restriksjonar gjennom snart 2 år, har klart å halde aktivitetane i gang på ulikt og kreativt vis. Eg er veldig imponert og stolt over dykk!

Det veks og gror  i folkemusikkmiljøet, og mange av lokallaga rundt omkring  driv godt og målretta arbeid med særskilt fokus på barn og unge. Fleire av dei pågåande rekrutteringsprosjekta kan vise til gode resultat, og vi er svært glade for at Dextra Musica framleis ønskjer å være ein solid støttespelar i dette viktige arbeidet. Nytt av året er satsinga FolkleiarUng; eit 3-årig prosjekt retta mot folkemusikarar frå 15-23 år som ynskjer å utforske rolla som musikalsk leiar. Prosjektet siktar på å gi deltakarane fagleg og musikalsk utvikling der musikalsk leiing står i fokus.

Dei to siste åra har vore dei mest krevjande for Noreg i etterkrigstida, og heile nasjonen har verkeleg vorte sett på  prøve. Kulturfeltet vart  spesielt hardt ramma, og dei ulike kompensasjonsordningane har ikkje vore like treffsikre overfor eit særleg mangfaldig og samansett felt. Kulturorganisasjonane har jobba aktivt og medvite for å betre rammevilkåra for heile feltet. FolkOrg har vore med i dette arbeidet saman med dei andre kulturorganisasjonane.

Den nye kulturministeren  lovar i tillegg til betre kompensasjonsordningar som følgje av pandemien, full momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar og ei generell styrking av kunstnarøkonomien i 2022.  Ho har teke til orde for ei ytterlegare satsing på kulturfeltet når   regjeringa legg fram sitt første ordinære budsjett i 2023. FolkOrg har store forventningar til den nye regjeringa, både kva gjeld generelle  rammevilkår for kulturfeltet, men og at dei tek tak i arbeidet med ein ny strategi for folkemusikk og folkedans  og at vi får gjennomslag for eit «Folkemusikkens og folkedansens år» i 2023 når FolkOrg/Landslaget for Spelemenn feirar 100 års jubileum.

Det har vore mange fyrstegongshendingar dei to siste åra; FolkOrg har måtta avlyse både Landskappleiken og Landsfestivalen, ikkje berre ein gong, men to gongar! Vi har gjennomført det fyrste digitale Landsmøtet i historia med god deltaking og mange engasjerte og aktive  utsendingar, styret har hatt dei fleste styremøta via Teams, og har til tross for nedstenging og reduserte aktivitetar, behandla like mange saker som tidlegare år. Og ikkje minst har vi fått utnemnt nytt heidersmedlem i FolkOrg i 2021. Varme gratulasjonar til Hilde Bjørkum!

Tenk at nedstenginga og restriksjonane tok ei lita pause i november slik at  Folkelarm kunne  gjennomførast  tilnærma normalt  med artistar frå heile Norden, prisutdelingar og dansefestar med eit entusiastisk og lykkeleg publikum til stades i salen. Det var ei flott oppleving!

FolkOrg arbeider kontinuerleg for at folkemusikken og -dansen skal ha sin naturlege plass i det mangfaldige kulturbildet, og har gjentatte gonger utfordra NRK om å gje tradisjonskulturen en breiare plass på sine flater.  I vår vart det publisert eit opprop mot NRK, signert av om lag 20 kulturorganisasjonar, deriblant FolkOrg, som viser til NRK-plakaten som forpliktar statskanalen til å «formidle norsk kultur og en bred variasjon av norske kunstuttrykk fra mange ulike kunstnere, uavhengige miljøer og kulturinstitusjoner. NRK skal formidle norsk musikk, film og drama og stimulere norske produksjonsmiljøer».

 

Oppropet tok til orde for at NRK i stadig mindre grad tek sitt samfunnsansvar og krev ein statskanal som tek våre respektive felt på alvor, som speglar mangfaldet, breidda og vitaliteten i norsk musikk-, kunst- og kulturliv. FolkOrg har følgt opp dette oppropet gjennom fleire møte med  med kulturredaksjonen i NRK, og har hatt konstruktive drøftingar om ulike tiltak og satsingar for å få presentert folkemusikkgenren  på fleire og breiare flater.

I ei tid der kulturjournalistikken blir nedprioritert i norske media, er det ekstra viktig at vi har magasinet Folkemusikk. Folkemusikk løfter viktige problemstillingar og set søkjelys på ulike delar av sjangeren. Nytt frå hausten er at vi har fått ei lite ekstra stilling som journalist, som mellom anna sørger for at folkemusikk.no er ein aktuell nyheitskanal for vårt felt.

I eit debattinnlegg i Aftenposten hausten 2020 uttrykte sentrale personar innan miljøet vårt at ukultur og seksuell trakassering også skjer i folkemusikk- og folkedansmiljøet. Det tek FolkOrg på største alvor.

FolkOrg, Noregs Ungdomslag og Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Sff) tok difor initiativ til ei spørjeundersøking for å kartlegge omfanget av problemet. Undersøkinga vart gjennomført av Opinion, som rapporterte om tre viktige funn. Det første er at fleirtalet av medlemmane i FolkOrg og NU meiner at miljøet i organisasjonane er godt, og miljøet blir i stor grad omtalt som hyggeleg, inkluderande og trygt. Samtidig seier 15% av respondentane at dei har opplevd uønskt eller grenseoverskridande oppførsel på arrangement i regi av FolkOrg, NU eller Sff i løpet av dei siste 5 åra. Vidare viser rapporten eit forbetringspotensial når det gjeld varslingskultur i organisasjonane.

Denne undersøkinga vert lagt til grunn for det vidare arbeidet med å utvikle strategiar og tiltak for å sikre trygge og inkluderande miljø. FolkOrg har allereie sett i verk konkrete tiltak m.a. gjennom tydelege rutinar for varsling og grundig kartlegging av risikofaktorar. Ytterlegare tiltak vil bli sett i verk i 2022.

Fråværet av kulturaktivitetar og kulturopplevingar har gjort det ekstra tydeleg kor viktig kultur er for både den fysiske og mentale helsa vår.  Eg håpar difor at små og store festivalar, kappleikar, dansefestar og konsertar vil kunne gjennomførast det neste året,   til tross for at vi  no er inne i ei ny bølgje med auka smitte og inngripande tiltak. La oss håpe ein snart får kontroll på pandemien  slik at vi kan gå attende til ein normal kvardag!


Eg vel å vere optimistisk og gler meg stort  til å møte heile den store folkemusikkfamilien på Landskappleiken på Rjukan i juni, i Vågå under Landsfestivalen i gammaldansmusikk i august  og på Folkelarm  i november.

Eg vil på vegne av styret og administrasjonen i FolkOrg ønskje dykk ei riktig god jul og eit godt nytt år!

Hilde Reitan
Styreleiar

 

Hilde Reitan, styreleiar i FolkOrg
Foto: Thor Hauknes