Vi nærmar oss jul og kan sjå attende på eit innhaldsrikt og spanande jubileumsår, med mange små og store arrangement og markeringar over heile landet for å feire den livskraftige 100-åringen.

Jubileumsåret blei innleia med opningskonsert på Riksscenen der m.a. den vakre jubileumsslåtten Hundreåringen blei urframført. Bestillingsverket «100 år med folkemusikk på 90 minutt » med spelemannslaget Landslaget for spelemenn  blei urframført under Vossajazz og seinare framført på Førdefestivalen og på Riksscenen. Den store jubileumshelga i Bergen sette eit verdig punktum for jubileumsåret med lansering av den praktfulle jubileumsboka vår, Songen Dansen Spelet og ein storslått jubileumskonsert i Grieghallen. Takk til alle som har bidrege i feiringa av folkemusikken og folkedansen gjennom heile jubileumsåret!

Det var god oppslutning på både Landskappleiken i Lom og Landsfestivalen i Førde og vi kan glede  oss over to solid gjennomførte og svært trivelege arrangement. Tusen takk til dei to arrangørlaga; Lom  spel- og dansarlag og Indre Sunnfjord spelemannslag for vel utført jobb og for at de tok på dykk desse store arrangementa!

Under Landskappleiken i Lom vart det utnemnt to nye heidersmedlemmar i FolkOrg, som  kvar på sitt vis har lagt ned ein betydeleg innsats for folkemusikken, den eine som utøvar og tradisjonsberar, den andre som instrumentmakar. Varme gratulasjonar til Amund Bjørgen og Sigvald Rørlien!

Den store folkemusikkhelga  i Oslo, Folkelarm, blei innleia med Folkelarmprisutdelinga på torsdag,  og er ein viktig heider til alle dei dyktige folkemusikarane og deira plateselskap som gjev ut folkemusikk av høg kvalitet kvart einaste år. Benedicte Maurseth blei utnemnd til den gjeve prisen Årets folkemusikar, og vi gratulerer henne og alle andre prisvinnarar!

Dei siste tiåra har det blitt fleire og fleire folkemusikarar som lever av tradisjonsmusikken på heiltid, men TONO-systemet  honorerer i all hovudsak nyskaping framfor  tradering. FolkOrg har difor utfordra TONO til å endre fordelingsplanen slik at kulturproduksjon også skal omhandle opphavsrett i bearbeidd tradisjonell musikk for å stimulere fleire til å framføre tradisjonsmusikk. Vi er i dialog både med TONO og Kulturdepartementet om problemstillinga, og håpar dette skal resultere i betre vilkår for alle utøvarar av tradisjonsmusikk.

Vi har i haust gledd oss over den nye dokumentarserien «Trollstemt», som fortel sterke og rørande historier om unge utøvarar med stor kjærleik og forankring i den tradisjonelle folkemusikken, og som tek pulsen på dagens levande og rike folkemusikkmiljø. NRK melder om stor interesse og begeistring for serien frå dei mange sjåarane, også utanfor vårt eige miljø. Andre juledag sender P2 fem timar med  folkemusikk på føremiddagen, og på kvelden får vi oppleve KORK sin store julekonsert på Rudi gard med fleire folkemusikkartistar som gjestar. NRK sender meir folkemusikk enn nokon gong på sine flater i fleire faste program gjennom heile veka, og vi takkar NRK for at dei tek  ansvar for å spreie kunnskapen om og interessa for vår eigen kulturarv.

I januar er Noreg fokusland under Showcase Scotland i Glasgow, og  FolkOrg og Music Norway reiser saman med seks artistar/band som er vald ut til å representere Noreg under dette store bransjetreffet. Artistane får samstundes moglegheit til å spele på ei av verdas største folkemusikkfestivalar,  Celtic Connections, og vi er svært glade for dette høvet til å presentere norsk og samisk folkemusikk for eit stort internasjonalt publikum.

Det er høg aktivitet innan folkemusikk- og folkedansfeltet over store delar av landet. Svært mange lokallag driv godt og målretta lagsarbeid, spesielt med tanke på aktivitetar for barn og unge. Sparebankstiftelsen DnB Dextra Musica har bidrege med millionbeløp gjennom fleire  år til mange gode rekrutteringsprosjekt, og vi er svært takknemlege for at dei ønskjer å halde fram som sterk støttespelar i dette viktige arbeidet også i åra framover!

Det sentrale i FolkOrgs arbeid er å styrke, synleggjere og formidle dei levande folkemusikk- og dansetradisjonane i Noreg, og organisasjonen skal som ei naturleg følgje av ei levande tradisjonsforståing fremje utvikling og nyskaping på tradisjonelt grunnlag.

Vi  har erfart at vårt arbeid med å løfte fram heile feltet, både topp og breidde, gjev gode resultat og fører oss framover. Vi treng  stjernene og førebileta som inspirerer, som viser veg og som skaper merksemd og begeistring for folkemusikken blant eit breiare publikum, men vi treng også lokale spel- og dansarlag, arrangørane og eldsjelene der mykje av den direkte tradisjonsoverføringa går føre seg.

Takk til dykk alle, både yrkesutøvarar og amatørar, lokallag,  heilårsarrangørar og festivalar, som gjennom dykkar engasjement og betydeleg frivillig  innsats, bidreg til å skape merksemd og interesse for folkemusikken og folkedansen.

På vegne av styret og administrasjonen ønskjer eg dykk ei riktig god jul og eit godt nytt år!

Hilde Reitan
Styreleiar i FolkOrg

Styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan
Foto: Thor Hauknes