Nok eit innhaldsrikt folkemusikkår går mot slutten og vi kan sjå attende på mange store opplevingar gjennom heile året.

Nok eit innhaldsrikt folkemusikkår går mot slutten og vi kan sjå attende på mange store opplevingar gjennom heile året. Ei av dei verkeleg store hendingane skjedde heilt på tampen av 2019, da folkemusikk-, danse- og songtradisjonane frå Setesdal fekk plass på Unesco si representative liste over immateriell kulturarv. Dette er svært gledeleg og bidreg til å løfte fram og ivareta den særeigne folkekulturtradisjonen. Vi gratulerer Setesdal spelemannslag med godt og målretta arbeid!

FolkOrg er 10 år i år, og det har teke si tid å få forma organisasjonen slik den står fram i dag med medlemmar som representerer heile bredda i feltet – frå lokallaga til dei profesjonelle utøvarane – og som sluttar opp om organisasjonen. FolkOrg jobbar kontinuerleg for å betre rammevilkåra for folkemusikken og -dansen. Det blir også jobba medvite med påverknad og bevisstgjering av media si rolle for å få eksponert vår genre for eit større publikum som naturleg del av det norske kulturbiletet.

Det er gledeleg å registrere at det veks og gror over heile landet, og at mange av lokallaga rundt omkring i landet driv godt og målretta arbeid med særskilt fokus på barn og unge. Fleire av dei pågåande rekrutteringsprosjekta kan vise til gode resultat, og vi er svært glade for at Sparebankstiftelsen gjennom Dextra Musica framleis ønskjer å vere ein solid støttespelar i dette viktige arbeidet.

Det var rekorddeltaking under Landskapppleiken i sommar, og vi kan sjå attende på enda eit særs vellykka og godt gjennomført arrangement i regi av Vågå spel- og dansarlag. Det blei også denne gongen eit godt økonomisk resultat, som kjem medlemmane i lokallaget til gode gjennom tilbod om mange varierte aktivitetar tilpassa alle nivå og aldersgrupper. Dette lokallaget er blant våre mest røynde arrangørar, og har gjennom år tileigna seg svært god og verdifull kompetanse som dei villig deler med andre lokallag som vurderer å ta på seg dette store arrangementet. Vi treng fleire arrangørstader, både for landskappleik og landsfestival, og vil i desse dagar lyse ut båe arrangementa for dei neste 5 åra. Vi håpar at mange vil melde si interesse og sende søknad til styret!

Landsfestivalen i gammaldansmusikk blei arrangert for fyrste gong i Hardanger med Kinsarvik som stemnestad, og Hardanger spelemannslag har all grunn til å vere nøgd med ein flott festival i trivelege Kinsarvik, som elles er ein ideell stemnestad med gangavstand til alt! Godt gjennomførte tevlingar, god og stuttreist mat og eit flott kulturprogram gjorde opplevinga for dei mange deltakarane og tilreisande heilt optimal. Tusen takk til arrangørlaget – vi kjem gjerne att!

Det er og all grunn til å løfte fram og takke dei mange hundre friviljuge som stiller opp år etter år og er sjølve berebjelken under våre store arrangement!

Det store bransjetreffet Folkelarm, som også i år baud på eit utal av spennande konsertar med artistar av ypparste kvalitet, var svært vellykka og med stor publikumsoppslutning. Fleire av artistane har fått oppdrag både i inn- og utland etter å ha fått presentert seg på denne viktige arenaen. Det var og eit rikhaldig og variert seminarprogram med interessante tema både for det profesjonelle feltet og for lokallaga våre. Samarbeidet med OsloFolk – Laget for folkemusikk om å legge Oslokappleiken til Folkelarm-helga, har vore eit svært vellykka grep, og arrangementet er meir populært enn nokon gong med stor deltaking og representasjon frå heile medlemsmassen vår. Ein kan trygt seie at Folkelarm no har funne si form!

Folkelarmprisane blei delt ut laurdag kveld og er ein viktig heider til alle dei dyktige folkemusikarane og deira plateselskap som gjev ut folkemusikk av høg kvalitet kvart einaste år. Heidersprisen Årets folkemusikar gjekk til Bjørn Kåre Odde – ei vel fortent utnemning til ein allsidig og svært dyktig utøvar og komponist. Det blei også delt ut prisar til Årets folkemusikkarrangør, Osafestivalen, og til Årets lokallag, Trysil-Knut Dans og Spelmannslag. Nytt av året var prisen Årets folkemusikkfotografi, som gjekk til Knut Utler. Vi gratulerer alle prisvinnarane!

Takk til dykk alle, både lokallag, profesjonelle utøvarar og amatørar, heilårsarrangørar og festivalar, som gjennom dykkar engasjement og deltaking på ulike arenaer, bidreg til å lyfte folkemusikken og -dansen opp og fram!

Eg ønskjer dykk ei strålande jule- og nyttårsfeiring med familie og vener, god mat og drikke og ikkje minst mykje god musikk og dans!

Hilde Reitan
Leiar i FolkOrg


Hilde Reitan, styreleiar i FolkOrg
Foto: Ingvil Skeie Ljones