Vil du komponere vår jubileumsslått?

Vil du komponere vår jubileumsslått?
I 2023 feirar FolkOrg – organisasjonen for folkemusikk og folkedans, at det er 100 år sidan Landslaget for spelemenn vart skipa i Bergen. Eit 100-årsjubileum treng ein jubileumsslått, og du er invitert til å levere inn ditt nykomponerte bidrag!

Slik deltek du: 

  • Lag ein melodi/slått/leik (ikkje arrangert)
  • Du kan sende inn lydfil eller noter eller begge delar
  • I første omgang vil vi kun ha rein melodi-fil eller noter på melodilinja gjerne med akkorder.
  • Last opp denne via skjema nedst på sida

Vinnarslåtten skal nyttast fleire gonger og på ulike måtar under jubileumsfeiringa, som til dømes på jubileumskonserten i Bergen 14. oktober. Om FolkOrg vel å arrangere vinnarslåtten til jubileumskonserten eller andre arrangement, vil dette skje i samråd med komponisten.

Ved å sende inn ditt bidrag så godtek du at FolkOrg fritt kan bruke slåtten. Komposisjonen blir registrert i TONO.

Premie til vinnarbidraget
Det vert sett opp ein pengepremie på kr. 10.000,- for vinnarbidraget.

Påmeldingsfrist
Frist for innlevering 31.12.2022 kl. 23.59 og du deltek ved å sende inn ei lydfil eller note med din melodi via skjemaet under.

Vinnaren blir kåra vinteren 2023.

Har du spørsmål om jubileumsslåtten ta gjerne kontakt:
Ann Helen Erichsen
Prosjektleiar
FolkOrg 100 år
ann-helen@folkorg.no

Fyll inn skjemaet og last opp filer under.
Merk at du skal motta ei stadfesting på innsendt bidrag på epost, dersom du ikkje mottek denne stadfestinga kan du sjekke mappa for søppelpost og ring oss gjerne dersom du er i tvil på om bidraget har kome fram!

Jubileumsslått - FolkOrg 100 år!

  • Send inn enten lydfil eller noter, eller begge deler.
    Dra og slipp filer her, eller
  • Dra og slipp filer her, eller
  • Til eventuelle andre vedlegg
    Dra og slipp filer her, eller
  • Ved å sende inn eit bidrag så bekreftar du at dette er ditt verk. Du godtek og at FolkOrg fritt kan bruke slåtten i arbeidet med 100 års jubileet.
  • Vi treng å lagre din kontaktinformasjon i forbindelse med tevlinga om å lage jubileumsslått. For å delta i tevlinga må du godkjenne at vi lagrar din kontaktinformasjon til etter at arbeidet med 100 års jubileet er over.