2023 er året FolkOrg feirar at det er 100 år sidan Landslaget for Spelemenn vart skipa i Bergen. Eit 100 årsjubileum treng ei jubileumsbok, og snart er det klart for lansering under jubileumshelga i Bergen!

Dette skal bli ei bok som først og fremst loddar den djupe kjærleiken mange har til vår folkemusikk og vår folkedans”, skriv redaktørane Rasmus Stauri og Sigrid Moldestad. “Ikkje minst skal den vise fram den uvurderlege kunnskapen mange rundt om i landet har om vår felles immaterielle kulturarv”.

Redaksjon og referansegruppe. 
Saman med bilderedaktør Knut Utler og ei referansegruppe har dei samla tekstar frå ulike skribentar til det som vert ei av dei største bøkene om norsk folkemusikk på lang tid.

No kan du bestille boka
Her kan du bestille deg jubileumsboka. 

Eldsjelene og det personlege skal få plass, men og framtida.
Jubileumsboka inneheld både fagartiklar, personlege synspunkt , portrett, historiske linjer og bildeminner som gjev lesaren ulike stopp langs tidslinja. Det har også vore eit ynskje at boka skal ta pulsen på si eiga samtid og ein organisasjon som består av mange eldsjeler. Desse har på kvar sin måte virka med ulik kraft til ulike tider.

“Vi har ynskt oss ei bok som gjev rom for samtalar og tankar om tida vi står i og tida som står framfor oss”, skriv redaktørane.

Tradisjonar står ikkje stille. Dei er i stadig rørsle i samspel med folket som til ein kvar tid står i og med den. Det skjer mykje spanande med folkemusikken i Norge no, og det å stanse litt opp og sjå seg både til sides, framover og bakover er viktig for å vere rusta til eit nytt hundreår.

Både HKH Dronning Sonja og kultur- og likestillingsminister, Lubna Jaffery vil bidra med helsingar til jubilanten.

Eit stort arbeid!
FolkOrg er djupt takksame for det arbeid redaktørane har lagt ned. 
«Sigrid og Rasmus har teke på seg eit enormt ansvar. Vi som har sett og fått lese nokre av artiklane er begeistra og sikre på at dette blir ei praktbok som har ei lang og lukkeleg levetid framføre seg»,
seier prosjektleiar for jubileet, Ann Helen Erichsen.

Jubileumsboka «Songen Dansen Spelet»
Er ei storslagen bok om den norske folkemusikken og dansen. Ei liknande samling tekstar om folkemusikk og – dans har ikke vore gjeve ut tidlegare. Vi gler oss til å presentere boka i Bergen!

Salg og lansering i Bergen. 
I forkant av jubileumskonserten inviterar vi til boklansering i foajeen i Grighallen. Det blir talar, musikalske innslag, boksal og signering.
Ida Habbestad leiar samtalen med redaktørane og nokre av skribentane.

Som medlem i FolkOrg vil de sjølvsagt få ein rabatt på boka.
Ordinær pris: kr. 450 ,-
Medlemspris: kr. 380,-

Fakta
Arbeidet med jubileumsboka starta opp i februar 2022. Jubileumsboka er no komen frå trykken, og vi gler oss til å lansere boka før jubileumskonserten i Bergen laurdag 14.oktober.

Redaktørar: Sigrid Moldestad og Rasmus Stauri
BileteansvarlegKnut Utler
Design: Kristin Mack Alnæs
Trykk:
Edda Presse
Referansegruppe: Terje Foshaug, Anne Hytta, Camilla Granlien og Kristian Hanto