FolkOrg introduserer ein ny runde med talentkonkurransen Introfolk for unge lovande musikarar. Vinnaren får eit Gramo-stipend på 100.000 kr, speleoppdrag på Riksscenen og showcase på Folkelarm. Søknadsfrist 1.februar.

Vil du bli Årets unge folkemusikar 2020?

Vil du gå i fotspora til Majorstuen (2005), Benedicte Maurseth (2007),
Kim André Rysstad (2009), Erlend Viken (2012), Odde & Holmen (2015) og Ole Nilssen (2018)? Då bør du melde deg på konkurransen Introfolk!

Introfolk er eit lanseringsprogram for unge, lovande folkemusikarar i regi av FolkOrg, der det overordna målet er å styrkje norsk og samisk folkemusikk.

Fortsatt samarbeid med Gramo
«Gramo er glade for å ha inngått et samarbeid med FolkOrg om Introfolk 2020. I Gramo er vi blant annet opptatt av å fremme ny norsk musikk, og dette er en fin mulighet for oss til å støtte unge lovende talenter i startgropa av karrieren. Gramo er spente på hvem som blir «Årets unge folkemusiker 2020» – og vinner av Gramo-stipendet på 100.000 kr!» – Suzanne Nyhuus, Gramo

Solistar
Styret i FolkOrg har i denne runden vald å fokusere på det solistiske uttrykket innanfor folkemusikken, for å fremje denne delen av tradisjonen. Derfor er det berre solistar som kan søke i denne omgangen.

Seks av søkjarane vert valt ut til å delta på ein av tre semifinalar sommaren 2020.
Semifinalane vert på Førdefestivalen (1.-5. juli), Jørn Hilme-Stemnet (5.-12. juli) og Nordsjøfestivalen (27.-30. august).

Vinnarane herfrå går vidare til Introfolkfinalen på Folkelarm 26.-29. november 2020.

Søknadsfrist: 1. februar 2020

Krav til søkjarane:
Alle kandidatane skal halde eit profesjonelt nivå, og ha eit klart potensiale for å utvikle musikalske idear og ferdigheiter. Det er ein føresetnad at søkjarane har valt å satse på ein profesjonell karriere innanfor musikk. Ein kan berre melde seg på som soloutøvar. Du kan melde deg på til og med det året du fyller 30 år.

Søknaden skal innehalde:

  • Omlag 10 minutt med representativ musikk (må sendast digitalt. Det er viktig at lydfilene
    har ei minimum oppløysing på 192 kbps. i mp3¬format.)
  • Ei A4-side med relevant CV/biografi, ambisjonar for framtida og skildring av det musikalske uttrykket
  • Namn, adresse, telefonnummer og e-postadresse til kontaktperson.
  • Eit pressebilete av søkjaren. Max 200 MB.

Søknaden sendes til:  john@folkorg.no

Lurar du på noko i høve Introfolk?

Ta gjerne kontakt med
John Stenersen
john@folkorg.no

Vinner av Introfolk 2018 og Gramostipendet Ole Nilssen sammen med Suzanne Nyhuus og Anne Tone Raknes fra Gramo.