No kan arrangørar av konsertar med folkemusikk og dansefestar, og folkemusikkfestivalar melde seg inn i FolkOrg.

Etter at det tidlegare nettverket for scener og arrangørar av folkemusikk og dans, Den Norske Folkemusikkscena, vart avvikla 2010 vart det oppretta eit nettverk for arrangørane. Dei nettverkstilknytte har ikkje vore formelle medlem av FolkOrg det har dei siste åra vore ønskeleg at folkemusikkarrangørane skal bli formelle medlem av FolkOrg.

Formaliseringa av medlemskap var eitt av punkta under nettverksmøtet for folkemusikkarrangørar under Folkelarm 2018 og under FolkOrg sitt Landsmøte 2019.

Både Landsmøtet og nettverksmøtet ynskjer at arrangørane skal bli formelle medlem av FolkOrg og på Landsmøtet 2019 var det vedteke følgande:

  • FolkOrg opnar for at arrangørar av konsertar med folkemusikk og dansefestar, og folkemusikkfestivalar kan melde seg inn i FolkOrg. Nettverket for folkemusikkarrangørar vil opphøyra i den form det har i dag, og vi vil lage møteplassar for arrangørmedlemmer.

Slik det vart vedtatt på Landsmøtet i 2019 betalar arrangørane 1% av omsetninga som medlemskontingent. Der er min.prisen 800 – og maks.prisen 3000.

Meld deg inn no!
Følgande informasjon er påkrevd:

  • Namn på organisasjon
  • Kontaktinformasjon
  • Fakturaadresse
  • Styremedlem
  • Org nr
  • Er organisasjonen registrert i Frivillighetsregisteret?
  • Kva type arrangør er det?
  • Antall konsertar i 2019
  • Omsetning i 2019
  • Mogelegheit for å laste opp rekneskap for 2019 som vedlegg

Innmelding i FolkOrg

Innmelding for folkemusikkarrangørar
  • Accepted file types: pdf, jpd, word, docx.
    Dersom du har problem med å laste opp vedlegg, kan du sende det separat til solfrid@folkorg.no.