Her kan du få gode idear til korleis lokallag kan samarbeide med kulturskolen.

FolkOrg har i langt tid arbeidt for å få meir folkemusikk og folkedans inn i kulturskolen og sin langtidsplanen står det mellom anna at FolkOrg si målsetting er å gjere det:

"(...) attraktivt å utøve, formidle og undervise i folkemusikk og -dans."

og

"å auke interesse for og kunnskap om folkemusikk og –dans."

Kulturskolen er i dag den største aktøren for opplæring av barn og ungdom i musikk og dans. Tilbodet om undervisning i folkemusikk og folkedans varierer, og er mange stader fråverande. Dette ønskjer FolkOrg å gjere noko med mellom anna ved å etablere ein idébank for deling og utveksling av gode idear og erfaringar om gode samarbeid med lokallag og kulturskolen.

Idébanken til FolkOrg er meint som eit levande arbeidsverktøy for kulturskolar, lokallag, pedagogar, folkemusikarar og folkedansarar som ønskjer å undervise i kulturskolen. Tanken er at idébanken etter kvart kan fyllast med gode eksemplar og  idear til samarbeid, undervisningsmodellar, produksjon, framføring og formidling av folkemusikk og/eller folkedans rundt om i landet.