Sundag 19. desember vart Hilde Bjørkum utnemnd som Heidersmedlem i FolkOrg.

Hilde Bjørkum vart heidra i fjerde episode av AdventFolk

Sundag 19. desember vart Hilde Bjørkum utnemnd som Heidersmedlem i FolkOrg. Hilde fekk tildelt denne høgt hengjande prisen i siste program i serien AdventFolk, ein programserie på fire program som FolkOrg har laga i samarbeid med Landslina for folkemusikk, som held til ved Vinstra vgs.

«Få personar har markert seg innanfor folkemusikken og folkedansen slik som Hilde Bjørkum. Sjølv når ho engasjerer seg nasjonalt og internasjonalt beheld ho det lokale engasjementet og klarer å arbeide for og formidle folkemusikkglede på alle nivå. Vi er svært takksame for den enorme innsatsen som Hilde har lagt ned for folkemusikken i alle desse åra, og vi er stolte over å kunne kalle henne for Heidersmedlem i FolkOrg» seier Hilde Reitan, styreleiar i FolkOrg.

«Det er veldig rørande og veldig ærefult og utruleg hyggeleg å bli tildelt heidersmedlemskap. Eg har fått nokre prisar, men å verte hedra av sine eigne, av folkemusikkfamilien, det heng høgt for meg. Eg sette stor pris på dette og er veldig beæra» seier Hilde Bjørkum, nytt Heidersmedlem i FolkOrg.

Hilde Bjørkum har levd med og for folkemusikken heile livet.
Hilde Bjørkum var den første tilsette sekretæren i Sogn og Fjordane folkemusikklag frå 1983-1986. Frå 1986-1989 var ho den første folkemusikkarkivaren i fylket, og sidan 1989-2018, med få avbrot, har ho vore dagleg leiar/direktør for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival.

Hilde har spelt hardingfele i Indre Sunnfjord spelemannslag heile sitt vaksne liv og vore ein aktiv dansar. På 1980- og 1990-talet var ho med på fleire turnear for Rikskonsertane (skulekonsertar) i Sogn og Fjordane, Hordaland og Hedmark.  Ho har vunne Landskappleiken i dans hardingfele klasse A fleire gonger og har kongepokal frå 1989.  I 1992-1993 arbeidde ho eit år som fylkesmusikar i Sogn og Fjordane.

I 2005 vart Hilde Bjørkum tildelt Rff-prisen. Rådet for folkemusikk og folkedans sin heiderspris til personar som har gjort ein ekstraordinær innsats på folkemusikk- og/eller folkedansfeltet. I 2015 fekk Hilde Bjørkum fylkeskulturprisen for hennar arbeid i og med Førdefestivalen. I 2018 fekk Hilde Bjørkum Folkemusikkprisen til Sogn og Fjordane Folkemusikklag for hennar innsats for folkemusikken i fylket.

Direktør og utøvar
Som direktør for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival har Hilde Bjørkum sett Førde på kartet og norsk tradisjonsmusikk på agendaen. Kvart år vert omlag 300 artistar frå heile verda presentert frå 30 scener gjennom 80-100 ulike festivalarrangement for om lag 26 000 besøkande. Ho har gjeve mange unge og talentfulle folkemusikkutøvarar moglegheit til å syne seg fram for eit kompetent publikum, og synt stor kreativitet til å utvikle og fornye festivalen.

I 2019 blei Førdefestivalen kåra til ein av Europa sine 5 beste festivalar i medium som The Guardian og National Geographic. Hausten same året, under Budapest Ritmo festivalen, vart Hilde Bjørkum personleg heidra for arbeidet sitt med Førdefestivalen, og også som president i European Forum of Worldwide Music Festivals. Festivalen, som gav ho prisen, seier at dette er ein pris som går til ein person som har bidrege til verdsmusikk-miljøet globalt og også i Sentral- og Aust-Europa. Ho er den tredje som har fått denne prisen.

Hilde Bjørkum slutta som direktør for Førdefestivalen rett etter at 2018-festivalen var avslutta, men heldt fram eit års tid som seniorrådgjevar i same organisasjon. Hausten 2019 starta ho opp i ny jobb som kommunalsjef for kultur og idrett i nye Sunnfjord kommune.

Eit samstemt styre i FolkOrg utnevnar Hilde Bjørkum som nytt Heidersmedlem i FolkOrg!

 

God stemning i studio
Hilde Bjørkum, Heidersmedlem i FolkOrg