Dei nominerte til årets lokallag er nå klare. Prisen vert delt ut under Folkelarmprisutdelinga laurdag 10. november på Riksscenen i Oslo.

Kvart år deler interesseorganisasjonen for folkemusikk- og folkedans i Norge, FolkOrg, ut pris til eit spelemannslag og en folkemusikkarrangør som på kvart sitt vis har utmerka seg spesielt.

Årets lokallag
Dei nominerte laga i 2018 har gjennom mange år gjort solidt arbeid i laget gjennom rekrutteringsarbeid, arrangement og godt frivillig arbeid. Døme på slike aktivitetar er kurs i song, spel og dans, arrangering av kappleikar og festivalar, samarbeidspart i større prosjekt, fellesturar og mykje meir. Dei nominerte til prisen for årets lokallag 2018 i FolkOrg er, i alfabetisk rekkjefylgje, Hardanger Spelemannslag, Lom Spel- og dansarlag og Mukampen spel- og dansarlag.

– Grasrotarbeidet betyr enormt mykje for aktiviteten i Folkemusikk-Noreg, og alle dei tre nominerte laga til årets lokallag er prov på korleis ein kan få til mykje aktivitet i eit lokallag, seier Øyvind Sandum, rådgjevar for lokallag og arrangørar i FolkOrg.

Prisen for årets lokallag i FolkOrg er på 10 000 kroner.