Nå er også dei nominerte til årets folkemusikkarrangør klare. Prisen vert delt ut under Folkelarmprisutdelinga på Riksscenen laurdag 10. november.

Årets folkemusikkarrangør vert vald av styret i FolkOrg på bakgrunn av nominasjonar. Dei vel ut tre nominerte til prisen og ein vinnar. I år er dei nominerte: (I alfabetisk rekkjefylgje.)

Heme dine
Trad Session
TrondheimFOLK

Spesielt for året er at alle dei tre nominerte har vore nominert før. No vil altså ein av arrangørane endeleg få prisen!
Prisen vert delt ut under Folkelarmprisutdelinga laurdag 10. november under Folkelarm på Riksscenen i Oslo.

Tidlegare vinnarar av prisen er:
2017: Førdefestivalen
2016: Valdres folkemusikkarrangement
2015: Naustedalen spelemannslag
2014: Kalottspel
2013: Riksscenen
2012: Columbi Egg