Utbrotet av koronaviruset har sett landet vårt i ein krisesituasjon vi ikkje har opplevd maken til i fredstid, og det er skremmande å sjå kor raskt samfunnsmaskineriet bryt saman når heile verda blir ramma av ei slik alvorleg krise.
Landet vårt er i krise
Utbrotet av koronaviruset har sett landet vårt i ein krisesituasjon vi ikkje har opplevd maken til i fredstid, og det er skremmande å sjå kor raskt samfunnsmaskineriet bryt saman når heile verda blir ramma av ei slik alvorleg krise. Vi er svært heldige som bur i eit land med eit vel fungerande helsevesen og økonomiske musklar til å gå inn med betydeleg ressursar for å redusere skadeomfanget så mykje som mogleg. Regjeringa har vedteke dramatiske og inngripande tiltak fyrst og fremst for å sikre liv og helse, men og for å syte for at arbeidsplassar blir sikra slik at folk har eit arbeid å gå til når situasjonen blir normalisert.
Det var all grunn til bekymring for heile kulturfeltet med eit utal frilansarar, sjølvstendig næringsdrivande og små og større arrangørar da krisa ramma oss for fullt og heile Noreg blei sett på pause. Brått var mesteparten av inntektsgrunnlaget for dei neste månadene borte med eit pennestrok, og det var frilansarane og dei sjølvstendige næringsdrivande som blei hardast ramma.
Sterk påverknad frå små og store kultur- og fagorganisasjonar
Etter iherdig innsats og sterk påverknad frå små og store kultur- og fagorganisasjonar, inkludert FolkOrg, fagforeiningar og enkeltpersonar, vedtok Stortinget krisepakker som sikra eit inntektsgrunnlag for våre kulturarbeidarar og som kan bidra til å halde liv i så mange som råd under denne krisa. I tillegg er det bevilga kr 300 mill til kulturfeltet som forhåpentlegvis kjem arrangørane til gode, og det er varsla fleire målretta tiltak i tida framover.
Det var godt å lese kultur- og likestillingsminister Abid Raja sine kloke refleksjonar i ein kronikk i Morgenbladet der han skildra si eiga oppfatning om kulturfeltet som eit felt prega av «sus og dus», men som i sitt møte med dei hardt arbeidande kulturarbeidarar, måtte revurdere denne haldninga. Og han erkjenner at rammevilkåra må bli betre for å oppretthalde det rike og mangfaldige kulturlivet vi som samfunn treng. La oss håpe han tek med seg desse refleksjonane vidare når nye krisetiltak skal setjast i verk, men og i sitt vidare arbeid som kulturminister etter at krisa har lagt seg.
Krevjande tid for alle lokallaga rundt om i landet
Dette er og ei svært krevjande tid for alle lokallaga rundt om i landet som må avlyse øvingar, kurs, dansefestar og andre små og store arrangement. Men kriser kan generere kreative løysingar; i går sendte leikarringen BUL ut ein invitasjon til online dansefest på FB der alle kan delta frå der dei er! Musikarane ligg noko framfor i løypa, og det er allereie etablert eit breitt konserttilbod i alle genrar i sosiale media, og med stor publikumsoppslutning som finn trøyst og glede gjennom desse tilboda.
Den største utfordringa for oss er den dramatiske inngripinga i våre liv og at vi ikkje anar kor lenge dette vil vare. Det er krevjande for små og store arrangørar å skulle vurdere om ein skal ta sjansen på å gjennomføre arrangement noko fram i tid eller om ein skal avlyse.
Dette gjeld og for sommarens to store arrangement, Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk, og i skrivande stund er det høgst usikkert om dei kan gjennomførast. Ifølgje ekspertane, vil smittetoppen skje i perioden mai til oktober, men dette er førebels prognosar og vanskeleg å forutsjå med så mange x-faktorar som kan spele inn.
Styremøte i FolkOrg neste veke
Styret i FolkOrg skal ha nettmøte onsdag og torsdag i neste veke, der vi mellom anna skal ha ei grundig drøfting og konsekvensvurdering rundt gjennomføring av sommarens arrangement. Det er ikkje til å underslå at dette vil bli krevjande, og det er difor heilt vesentleg at avgjerda blir teken i samråd med hovudnemndene for båe arrangementa. Vi er i tett dialog med dei. Vi vil sende ut informasjon om dette så snart vi har ei avklaring.
Ta vare på kvarandre og følg alle råd for å forhindre smitte. Hald fram med kreative idear for å kunne møtast via nettet, hald strømmekonsertar – det er til stor glede og trøst for oss alle. Til deg som publikum; gje eit bidrag for å halde liv i alle dei dyktige utøvarane våre – vi treng dei meir enn nokon gong!
Helsing frå styreleiar i FolkOrg
Hilde Reitan
hilde@folkorg.no
Styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan
Foto: Thor Hauknes