Hallgrim Hansegård frå Øystre Slidre Spel- og dansarlag vann kongepokalen i Halling!

Laurdag under Landskappleiken var det duka for ei spanande finale i Halling kl A. Det skulle dansast om Kongepokalen!

FolkOrg har delt ut Kongepokal under Landskappleiken sidan 1980, og har nermast kvart år sidan rullert på kva klasse som har kjempa om denne gjeve pokalen.

I år var det altså klassa for Halling sin tur til å kjempe om Kongepokalen. Forrige gong Kongepokalen var sett opp i denne klassa var i 2007, då var det Eivind Bakken som vann.

I år var det Hallgrim Hansegård frå Øystre Slidre Spel- og dansarlag, Sigbjørn Rua frå Småjondølenes dansarlag og Anders Aasberg frå Geilo Spelemannslag som kom til finalen. At dei dansa godt alle tre og i tillegg hadde det morosamt på scena, er det ingen tvil om! Ein fullsatt Valdreshall, med svært god stemning, vitna om at publikum og verkeleg kosa seg i lag med finalistane!

Den som dansa best, og dermed vart vinnar av Halling klasse A, og eigar av Kongepokalen, er Hallgrim Hansegård. Ein god nr 2 vart Sigbjørn Rua og som nr 3 i dette gode selskapet kom Anders Aasberg!

Her kan du sjå heile resultatlista for Halling kl A, samt alle andre resultat frå Landskappleiken 2015

Hallgrim Hansegård. Foto: Thor Hauknes
Vinnar av Halling klasse A og Kongepokal: Hallgrim Hansegård.
Foto: Thor Hauknes
Andre plass i Halling klasse A: Sigbjørn Rua
Foto: Runhild Heggem
Anders Aasberg. Foto: Runhild Heggem
Tredje plass i Halling klasse A: Anders Aasberg
Foto: Runhild Heggem