Rett før jul fekk vi brev frå Slottet der dei skriv at H.M. Dronning Sonja vil vere beskyttar av FolkOrg i fem nye år, det vil seie ut år 2020.

Ordninga med beskyttarskap fungerer som ei anerkjenning av organisasjonar og arrangement innanfor viktige område av samfunnslivet. Normalt blir det innvilga beskyttarskap for ein periode på fem år. FolkOrg er eit av Dronningas 13 beskyttarskap.

Vi set stor pris på anerkjenninga! H.M. Dronning Sonja var til stades under Meisterkonserten i Operaen i november 2014 og vi vil framleis invitere Dronninga på sentrale arrangement.