Laurdag 14. oktober er ALLE velkomne til ein magisk festaftan i Grieghallen i Bergen!
100 år med folkemusikk!
I 1923 ble Landslaget for Spelemenn stifta i Bergen, med Arne Bjørndal som første formann. Målet var å styrke dei lokale folkemusikktradisjonane, og arbeide for både bevaring og vidareføring.
Sidan har organisasjonen jobba jamt og trutt for folkemusikken og folkedansen i Noreg. I motgang og medgang har Landslaget, seinare FolkOrg, ivra for felespel, langeleik, lokk og lur, hardingfele, munnharpe, halling, stevtonar, slåttemusikk, gammaldans og bygdedans. I 100 år har dette landslaget halde på, aldri gitt opp, og større og sterkare enn nokon gong kan dei presentera det ypparste av folkemusikk og folkedans i ein forrykande jubileumskonsert i oktober.
Kva er det med FolkOrg?
Kva får 5000 eldsjeler til å bruka så mykje av tida si til å spela, dansa og halda laga i gang med aktivitetar året rundt? Kva er det som får Dronninga til å vera den høge vernaren til organisasjonen? Kvifor blir det stadig fleire som stiller på kappleik og festival og spelar så strenger og nervar ryk? Kven er det som dansar til siste tone langt over midnatt og held ut med buskspel til hanen for lengst har gale? Kva saker er det som engasjerer så mykje at ein er villig til å oppgi vennskap og splitta organisasjonen for å få rett, og samlast igjen fordi folkemusikken trass alt er viktigast?Kven er det som tek vare på tradisjonen og har dedikerte utøvarar? Det er FolkOrg, og i 100 år har det vore FolkOrg. Det er vel verd ei feiring. Det er duka for ein storslått jubileumskonsert i Grieghallen, og du er invitert!
DEN FØRSTE VI PRESENTERER AV UTØVARANE PÅ JUBILEUMSKONSERTEN ER:

Per Anders Buen Garnås
Per Anders Buen Garnås er ein unik hardingfelespelar med stor formidlingsevne. Han kjem frå en solid spelemannstradisjon, og er kunnskapsrik om så vel slåttespelet som spelemannshistoria.
Per Anders har vunne landskappleiken fleire gongar, og blei kåra til årets folkemusikar i 2022.
På jubileumskonserten skal han spele solo slåttespel og til dans.
