Gnist-prisen på kr. 15 000,- vert delt ut til eit lag som driv med opplæring i folkedans for barn og unge. Nominer din kandidat innan 01.juni!

Gnist-prisen 
Gnist-prisen vart oppretta våren 2017, og er ein pris som vert delt ut til eit lag som driv med opplæring i folkedans for barn og unge.

Delast ut på Landskappleiken
Gnist-prisen er på 15 000 kr, og delast ut årleg på Landskappleiken. Formålet med prisen er å støtte lag som jobbar medvite med å skape eit godt læringsmiljø blant born og unge som dansar folkedans. Gnist prisen 2022 vert delt ut fredag 24. juni under Landskappleiken på Rjukan.

Nominer din kandidat
Det er mogleg å sende inn forslag til kandidatar fram til 01. juni. Veit du om eit lag som jobbar godt med opplæring i folkedans for born og unge, kan du sende inn din søknad gjennom skjemaet nedst på denne sida.

For spørsmål angåande prisen og nomineringa, kan du kontakte Solfrid Nestegard Gjeldokk i FolkOrg, solfrid@folkorg.no.

Prisen er gjeven av Gnistfonden for Unge
Det er Gnistfonden for Unge som gjev prisen. Eva Fischer fortel om bakgrunnen for opprettinga av prisen: ” Min erfaring er at folkedansmiljøet er et godt miljø for barn og unge, og vi har derfor lyst å støtte opp om det. Dette ved å gi penger til lag som jobber med både nivå og læringsmiljø i laget sitt. Lagene er en arena der en får opplæring, utvikler seg sammen, og der en kan føle seg hjemme. Det er viktig at barn og unge som driver med folkedans har et lag der alle har en plass, uansett ferdigheter og ambisjonsnivå.

Lagene har mange viktige funksjoner, og har blant annet en viktig rolle i samarbeid med kappleiker, og i å støtte opp om de som konkurrerer, uansett hva resultat de får.

Ungdommer er en sårbar aldersgruppe, og det er viktig at lagene jobber slik at de tar vare på dem. Ungdommene er også forbilder for nye dansere, og derfor viktige i rekrutteringsarbeidet. Det er motiverende at flere driver med samme hobbyen på en plass, og at man har et lag som er kjekt å være med i.”

Gnistfonden for Unge er oppretta av Eva, Nikolaj og Silje Fischer. Fondet er på DKK 4 millionar og skal delast ut i løpet av dei neste 10 åra. Fondet har som formål å hjelpe unge med utfordringar gjennom dansk og/eller norsk kultur, og er ikkje avgrensa til å berre gjelde dans, song og kunst. Fondet skal mellom anna støtte prosjekt med fokus på integrering av unge flyktningar og støtte ulike prosjekt, organisasjonar o.l. som har som formål å hjelpe unge med ulike, fysiske og/eller psykiske utfordringar. Fondet har eit vidare fokus på internasjonale prosjekt, der unge kan bli kjent med kvarandre på tvers av landegrenser og ulike kulturar.

Frist for å nominere kandidatar: 01. juni 2022

Send inn din nominasjon ved å fylle ut skjemaet nedst på sida!

Formålet med Gnist-prisen
Formålet med prisen er å støtte lag som jobbar medvite med å skape eit godt læringsmiljø blant born og unge som dansar folkedans. Dette på ein inkluderande måte uansett erfaringar og evner.

Priskriterier

  • I søknaden skal det gjerast greie for korleis laget jobbar med å skape eit godt og inkluderande miljø blant born og unge som dansar folkedans.
  • Lag kan nominere seg sjølv som kandidatar, då det er laget sjølv som veit mest om kva aktivitetar og tiltak dei har. Andre kan også nominere lag dei meiner er aktuelle kandidatar.
  • Prisvinnaren vert oppmoda til å bruke pengane på tiltak som gagnar medlemmane i laget, og som kan vere med på å styrke samhaldet. Til dømes kurs eller sosiale tilbod.
  • Det er mogeleg for eit lag å vinne prisen fleire gonger.

Tidlegare vinnarar
2017: Hugnad Ungdomslag
2018: Gransherad Spel og dansarlag
2019: FolkemusikkUNG
2020: Leikarringen i BUL i Oslo
2021: Ikkje delt ut

Gnist-prisen 2022

  • Skriv inn kvifor du meiner dette laget fortener Gnist-prisen. Grunngjevinga skal gje ei grundig skildring av laget, og innehalde informasjon om aktivitetar laget har i løpet av året, og korleis dei jobbar for å oppnå eit godt miljø blant born og unge i laget som dansar folkedans.
    Kontaktinformasjonen vert berre nytta i samband med Gnist-prisen 2022, og vert ikkje delt med andre. Ta kontakt med Solfrid N. Gjeldokk i FolkOrg dersom du ikkje ønskjer at kontaktinformasjonen din vert lagra.