Gnist-prisen vert delt ut for tredje gong under Landskappleiken i Vågå i 2019.

Gnist-prisen 2019!
Gnist-prisen vart oppretta våren 2017, og er ein pris som vert delt ut til eit lag som driv med opplæring i folkedans for barn og unge.

Gnist-prisen er på 15 000 kr, og skal delast ut årleg t.o.m. Landskappleiken 2021. Formålet med prisen er å støtte lag som jobbar medvite med å skape eit godt læringsmiljø blant born og unge som dansar folkedans. Gnist-prisen 2019 vert delt ut under Landskappleiken i Vågå.

Nominer din kandidat
Det er mogleg å sende inn forslag til kandidatar fram til 27. mai. Veit du om eit lag som jobbar godt med opplæring i folkedans for born og unge så sender du forslag til Øyvind Sandum på e-post oyvind@folkorg.no.

Prisen er gjeven av Efh Holding
Det er firmaet Efh Holding v/Eva Fischer som gjev prisen. Eva Fischer fortel om bakgrunnen for opprettinga av prisen: ”Mi erfaring er at folkedansmiljøet er eit godt miljø for barn og unge, og eg har derfor lyst å støtte opp om det. Dette ved å gje pengar til lag som jobbar med både nivå og læringsmiljø i laget sitt. Laga er ein arena der ein får opplæring, utviklar seg saman, og der ein kan kjenne seg heime. Det er viktig at barn og unge som driv med folkedans har eit lag der alle har ein plass, uansett ferdigheiter og ambisjonsnivå.   

Laga har mange viktige funksjonar, og har blant anna ei viktig rolle i samband med kappleikar, og i å støtte opp om dei som konkurrerer, uansett kva resultat dei får. Ungdommar er ei sårbar aldersgruppe, og det er viktig at laga jobbar slik at ein tek vare på dei. Ungdommane er også førebilete for nye som byrjar, og såleis viktige i rekrutteringsarbeidet. Det er motiverande at fleire driv med same hobbyen på ein plass, og at ein har eit lag som det er kjekt å vere med i.”

I tillegg til Gnist-prisen, har også Efh Holding gjeve eit beløp som skal gå til eit felles sosialt tilbod for alle juniorane som deltek under Landskappleiken. Dette for å styrke fellesskapet for juniorane som deltek på Landskappleiken.