I år tek FolkOrg i bruk elektronisk faktura / e-faktura ved utsending av medlemskontingent for 2019.

Litt mangelfull e-post faktura
NB! Det vart denne veka ved ein feiltakelse sendt ut feil pdf-fil som vedlegg til dei som fekk faktura på e-post / nettbank. Det manglar navn på avsendar og kontonummer i tillegg til at utforminga av fakturaen er feil. Men det er elles rett informasjon i forhold til det som er registrert i medlemsregisteret vårt. De kan altså betale fakturaen sjølv om den ser litt mangelfull ut. I Gnist-appen eller på «mi side» på internett vil de sjå heile fakturaen.

Invitasjon til bruk av Gnist
Vi har i dag, torsdag 7. mars sendt ut invitasjon om bruk av GNIST til alle som har registrert e-postadressa si. Dersom du ikkje har fått ein slik invitasjon kan du gjerne sjå i søppel-eposten din eller send ein e-post til livannette@folkorg.no om du ikkje har motteke ein slik invitasjon.


E-postfaktura / elektronisk faktura
I år sender vi ut faktura for medlemskontingenten elektronisk, anten til den e-postadressa som er registrert i vårt medlemssystem, StyreWeb, eller rett i nettbanken som elektronisk faktura. Dette gjeld alle som har registrert si e-postadresse i vårt system. Dei som ikkje nyttar e-post vil få tilsendt faktura i posten, som tidlegare.

Oppdatere kontaktinformasjon
Innan kort tid vil alle som har registrert e-postadresse og/eller mobilnummer få ein sms frå FolkOrg. Her vil det vere ei lenke til kontaktinformasjonen for den enkelte som er lagra i systemet vi nyttar til medlemsregister, StyreWeb. Her kan alle enkelt oppdatere sin kontaktinformasjon ved å trykke på lenka.

Elektronisk medlemskort i GNIST
Vi tek i bruk appen GNIST, levert av StyreWeb, til elektronisk medlemskort. Dei som har verv i sitt lokale lag eller områdelag kan logge inn i appen med sitt passord til StyreWeb. Dei som ikkje har styreverv, eller som ikkje har nytta appen til medlemskap i andre organisasjonar, vil få tilsendt ein eigen e-post med informasjon om aktivering av appen. Ein lastar ned appen til sin telefon på same måte som ein lastar ned andre appar. Du kan og logge deg inn i GNIST utan å ha appen. Då kan du nytte denne lenka: https://gnist.styreweb.com

NB! Merk at medlemskortet ikkje vil bli aktivert i appen før du har betalt for medlemskapet for inneverande år. Du finn og fakturaen din i appen slik at du får oversikt over medlemslag, forsikring etc.

Medlemmar som ikkje ønskjer å nytte appen GNIST
Dei som ikkje ønskjer å nytte appen GNIST til sitt medlemskort vil kunne få tilsendt medlemskort i posten. Du kan få medlemskort i posten sjølv om du betalar for medlemskapet elektronisk. Du sender ein epost til jorun@folkorg.no dersom du ønskjer å få tilsendt medlemskortet i posten.

Du kan og logge deg inn i GNIST utan å ha appen. Då kan du nytte denne lenka: https://gnist.styreweb.com  
NB! Merk at du må motta ein aktiverings e-post for å få tilgang, denne kjem om kort tid.


Eksempel på elektronisk medlemskort i FolkOrg


Logoen til appen GNIST som du finn der du lastar ned appar til din telefon.