FolkOrg fekk i 2019 tilsagn på kr 541 780 til utdeling gjennom Frifond Organisasjon frå Norsk Musikkråd. Det kom inn 20 søknadar med ein søknadssum på til saman kr 670 480. 19 av søknadane fekk innvilga stønad.
Frifond organisasjon er ei stønadsordning oppretta av Stortinget for å betre dei økonomiske vilkåra for frivillige organisasjonar og deira kulturaktivitetar for barn og unge. FolkOrg har difor fordelt tilnærma 2/3 av potten etter ein fordelingsnøkkel på tal på medlemmar under 26 år i kvart lag. 1/3 har gått til prosjekt spesielt retta mot barn og ungdom under 26 år.
Det er anbefalt at organisasjonen tek opp til 5% av den tildelte summen til administrasjon. I år vart dette 4,8%. Då står det igjen kr. 515 848 til laga som har søkt.
Meld barn og unge i laget ditt inn i FolkOrg
I retningslinene for Frifond organisasjon får FolkOrg tildelt Frifondmidlar – 50% etter tal på lag med minimum 1/3 av medlemmar under 26 år og 50% etter tal på betalande medlemmar under 26 år. Medlemmar under 26 år er altså grunnlaget for den summen FolkOrg får til utdeling til lokallaga sine. Det er difor særs viktig at laga melder barn og unge inn i FolkOrg.
Prosjektsøknadene er vurdert etter:
- Prosjekt retta mot barn og unge under 26 år
- Lengde og omfanget på prosjektet/kurset
- Godt planlagde prosjekt vert prioritert
- Prosjekt i område som treng et løft er også prioritert
Les retningslinene godt!
Det er viktig at alle som får Frifondmidlar les retningslinene godt og held seg til rapporteringsfristar. Les retningslinene her:
Retningslinjer-FO-FolkOrg-2019
Klage på vedtak
Laga kan klage på saksbehandling, vedtak om avslag og vedtatt fordeling. Skriftleg klage skal sendast til FolkOrg innan tre veker etter at tildelingsbrev eller avslagsbrev er sendt. Klagen blir vurdert av administrasjonen og blir endelig behandla av styret i FolkOrg.
Her kan du sjå heile tildelinga for 2019
Rapporteringsskjema
Du kan rapporterte enkelt til oss ved å fylle inn direkte i vårt rapportskjema:
Rapporter direkte i dette webskjemaet
Dersom du heller vil sende inn rapport pr e-post eller post, kan du laste ned dette rapporteringsskjemaet og send til oss pr post eller pr e-post (solfrid@folkorg.no):
Last ned rapporteringsskjema for Frifond 2020 her
Send inn rapport innan 31. januar 2021
*
Retningsliner og informasjon om Frifond
Retningslinjer-FO-FolkOrg-2019
*
Dersom du har problem med å fylle ut det vedlagte skjemaet kan du ta kontakt med Solfrid N. Gjeldokk (solfrid@folkorg.no) for hjelp.