Her finn du informasjon om tilskotsordninga og om korleis du søker. Søknadsfrist for å søke om Frifond organisasjon er 15. november 2019.

Frifond organisasjon – søkjast gjennom FolkOrg

Frifond organisasjon er ei stønadsordning oppretta av Stortinget for å betre dei økonomiske rammene for frivillige organisasjonar, og deira lokale og medlemsbaserte kulturelle aktivitetar for born og unge under 26 år. Frifond organisasjon har som formål å stimulere og nå ut til lokallag som er knytt til ein nasjonal, frivillig organisasjon som har musikk som sin hovudaktivitet. FolkOrg søkjer kvart år Norsk musikkråd (NMR) om midlar frå Frifond Organisasjon, som dei etter søknad frå lokallaga fordeler vidare til lokale aktivitetar.

Her kan du lesa FolkOrg sine retningsliner for Frifond-fordeling (NMR sine føringar er gjeldande for forhold som ikkje regulerast av desse retningslinene):

Retningslinjer Frifond – FolkOrg 2020

NESTE SØKNADSFRIST:
15. november 2019

Denne fristen gjeld for midlar som skal nyttast til drift og prosjekt i perioda 01.01.20-31.12.20.

Kven kan søkje:

  • Lag som er medlem hjå FolkOrg.
  • Lag med drift eller prosjekt for born og ungdom under 26 år.
  • Lag med minst 3 personar under 26 år.
  • Lag som er demokratisk oppbygd.
  • Lag som har eit allmennyttig siktemål.
  • Lag som arbeider i lokalmiljø (områdelag kan ikkje søkje Frifond Organisasjon, med unntak av områdelaget som fungerer som lokallag.)
  • Lag som har folkemusikk/folkedans som si hovudverksemd.

Kven kan ikkje søke?

  • Områdelag/fylkeslag (med unntak av områdelag som fungerer som lokallag)
  • Lag organisert av det offentlege
  • Lag som er fortenestebaserte
  • Lag som er basert på samverkeprinsippet
  • Lag som er organisert og registrert som ei stifting
  • Lag som er knytt til Norges Idrettsforbund eller med sitt formål knytt til idrett
  • Lag som allereie mottar Frifond-tilskot av ein annan nasjonal organisasjon

 

Laga kan få stønad til:

1) Driftstilskot til oppstart, drift og aktivitet
Drift (f.eks. faste øvingskveldar og møteverksemd) kan søkast på grunnlag av tal på medlemmar under 26 år (som har betalt kontingent 31.12 året før utlysning).

2) Tilskot til prosjekt eller bestemte aktivitetar
Prosjekt og bestemte aktivitetar som kurs, reiser, samlingar, seminar osv. som rettar seg mot born og ungdom under 26 år, med målsetting om rekruttering. Her kan også lag som ikkje har medlemmar (som har betalt kontingent 31.12 året før utlysning) under 26 år søkje.

NB! Laga kan søkje både driftstilskot og prosjekttilskot.

Søk no!
Send søknad til FolkOrg via søknadsskjema som du finn nest på sida.

Har du spørsmål? Ta kontakt med Sina Myhr (sina@folkorg.no).

FRISTAR FOR MIDLAR TILDELT I 2018:

  • Skal brukast innan 31.12.2019
  • Rapporteringsfrist på desse midlane er 31. januar 2020

Rapportskjema og retningsliner

> Rapportskjema Frifond
> Retningslinjer Frifond – FolkOrg 2020

Har du problem eller spørsmål ved utfylling av det vedlagte skjemaet – ta kontakt med Sina Myhr (sina@folkorg.no) for hjelp.

 

 

Søknad om Frifondmidlar for året 2020

Merk at du må fylle ut alle felta som er merka med * for å kunne sende inn søknaden. Du får tilsendt bekreftelse på epost når søknaden er sendt inn.
  • Beskriv aktivitetane laget har for dei medlemmane som er under 26 år.
  • Beskriv prosjektet de søkjer Frifondmidlar til.
    Vi treng å behalde søkjars kontaktinformasjon medan vi jobbar med Frifondmidlane for 2020. Vi har denne informasjonen lagra i vårt system, vi deler ikkje denne kontaktinformasjonen med nokon. Dersom du ikkje ønskjer at kontaktinformasjon vert lagra så ta kontakt med Sina Myhr i FolkOrg.