Her finn du informasjon om tilskotsordninga og om korleis du søker. SØKNADSFRIST for lokallaga i FolkOrg for å søke om Frifond - organisasjon er 20.OKTOBER 2018.

Frifond organisasjon – søkjast gjennom FolkOrg.

Frifond organisasjon er ei støtteordning oppretta av Stortinget for å betre dei økonomiske rammene for frivillige organisasjonar, og deira lokale og medlemsbaserte kulturelle aktivitet for born og unge under 26 år. Frifond organisasjons formål er å stimulere og nå ut til lokallag som er knytt til ein nasjonal, frivillig organisasjon som har musikk som sin hovudaktivitet. FolkOrg søkjer kvart år Norsk Musikkråd (NMR) om midlar frå Frifond Organisasjon, som dei etter søknad frå lokallaga fordeler vidare til lokale aktivitetar.

Her kan du lesa FolkOrg sine retningsliner for Frifond-fordeling: Retningslinjer Frifond – FolkOrg 2019

Kven kan søkje:

  • Lag som er medlem hos FolkOrg.
  • Lag med drift eller prosjekt for born under 26 år.
  • Lag med minst 3 personar under 26 år.
  • Lag som er demokratisk oppbygd.
  • Lag som har eit allmennyttig siktemål.
  • Lag som arbeider i lokalmiljø (områdelag kan ikkje søkje Frifond Organisasjon, med unntak av områdelaget som fungerer som lokallag.)
  • Lag som har folkemusikk/folkedans som si hovudverksemd.

Kven kan ikkje søke?

  • Områdelag/fylkeslag (med unntak av områdelag som fungerer som lokallag)
  • Lag organisert av det offentlege
  • Lag som er fortenestebaserte
  • Lag som er basert på samverkeprinsippet
  • Lag som er organisert og registrert som ei stifting
  • Lag som er knytt til Norges Idrettsforbund eller med sitt formål knytt til idrett
  • Lag som allereie mottar Frifond-tilskot av ein annan paraply

Søk midlar for 2019 nedst på sida.

 

NESTE SØKNADSFRIST:
20. oktober 2018

Denne fristen gjeld for midlar som skal nyttast til drift og prosjekt i perioden 01.01.19-31.12.19.

FRISTER FOR MIDLER TILDELT I 2017:

  • Skal brukes innen 31.12.2018
  • Rapporteringsfrist på disse midlene: 31. januar 2019

Rapportskjema og retningslinjer

> Rapportskjema Frifond 2018 (driftsmidler 2018, tildelt høsten 2017)
> Retningslinjer Frifond – FolkOrg 2019

Dersom du har problemer med å fylle ut det vedlagte skjemaet – bes du ta kontakt med Øyvind Sandum (oyvind@folkorg.no) for hjelp.

 

Laga kan få støtte til:

1) Driftstilskot til oppstart, drift og aktivitet.
Drift (f.eks. faste øvingskveldar og møteverksemd) kan søkjast på grunnlag av tal på medlemmar (som har betalt kontingent 31.12 året før utlysning) under 26 år.

2) Tilskot til prosjekt eller bestemte aktivitetar.
Prosjekt og bestemte aktivitetar som kurs, reiser, samlingar, seminar osv. som rettar seg mot born og ungdom under 26 år, med målsetting om rekruttering. Her kan også lag som ikkje har medlemmar (som har betalt kontingent 31.12 året før utlysning) under 26 år søkje.

NB! Laga kan søkje både driftstilskot og prosjekttilskot.

Søk no!
Send søknad til FolkOrg via søknadsskjema som du finn nest på sida.

Har du spørsmål? Ta kontakt med Øyvind Sandum (oyvind@folkorg.no).

Avslag på søknaden? – fortvil ikkje.
Om du har fått stønad frå Frifond Organisasjon kan du ikkje søkje Frifond musikk. Får du avslag på søknaden hos FolkOrg, kan kursdeltakarane/arrangør-gruppa søkje Frifond musikk om tilskot til kurs, arrangement, konsert eller liknande for born og unge under 26 år.

Frifond musikk søkjast via Norsk musikkråd; sjå retningslinjene her.

Dei har ingen søknadsfrist, og du kan søkje gjennom heile året. Ver obs på at FolkOrg sine medlemslag ikkje kan stå som arrangør/søkjar (gjeld berre Frifond musikk).

TIDLEGARE TILDELINGAR:

Tildeling av midlar for 2018

Tildeling av midlar for 2016

Tildeling av midlar for 2015

Tildeling av midlar for 2014

Tildeling av midlar for 2013