Søknadsfristen for Frifond kompetanse og aktivitet 2019 er 15. februar. Her kan du lesa meir om søknadsprosessen og retningslinene.

Frifond er ei tilskotsordning oppretta av Stortinget for å betre dei økonomiske rammevilkåra for demokratisk og medlemsbasert kulturaktivitet på lokalt plan i friviljuge organisasjonar som arbeider for og med barn og unge. Støtteordninga for kompetanse og aktivitet skal gje lokale lag moglegheit til å setje inn kompetansehevande tiltak i lokallaget, realisere ekstraordinære aktivitetar, initiere og gjennomføre samarbeidsprosjekt.

Lag, foreiningar eller grupper knytt til ein nasjonal organisasjon som allereie har motteke tilskot frå Frifond organisasjon har anledning til å søke om stønad frå Frifond kompetanse og aktivitet. Det er dog ei forutsetning at lokallaget ikkje har motteke tilskot frå Frifond organisasjon til den aktuelle aktiviteten, prosjektet eller tiltaket.

Ved spørsmål, kontakt Christin Sund på e-post: christin.sund@musikk.no

Retningslinjer FKA 2019
Søknadsskjema FKA 2019