I studietida hadde eg ein hybelkamerat som gjorde sitt for å gjera artistane bak høvesvis Nivelkinn, Hått og Blåmann Blåmann søkkrike ved å spela dei på Spotify non-stop både til kvardag og helst til fest.

KRONIKK: Er du ein av dei som set pris på å få tilgang til ein slått eller eit stev på ein enkel måte? For musikkelskarar verda over har Spotify og andre strøymetenester vorte naturlege følgjesvener på bussen, ute på tur eller når ein styrer musikken på eit vorspiel. Men kva tykkjer artistane? Finst det eit problem og finst det ei løysing, spør Kjellbjørn Karsrud.

I studietida hadde eg ein hybelkamerat som gjorde sitt for å gjera artistane bak høvesvis Nivelkinn, Hått og Blåmann Blåmann søkkrike ved å spela dei på Spotify non-stop både til kvardag og helst til fest. Trass iherdig innsats kan nok likevel ikkje utøvarane ha gjort store pengar på dette. For kvar gong du set på ein song på Spotify tener artisten nemleg ein stad mellom 4 og 5 øre (0,046 kroner) ifylgje tal frå 2020. Om du høyrer gjennom eit heilt album med ti spor, kan summen kanskje koma opp i 40 til 50 øre.

Dei siste CD-ane eg har kjøpt, har kosta rundt 200,- kroner. Om me tek utgangspunkt i at artisten får mellom 4 og 5 øre per avspeling, må du spela spora på plata mellom 4000 og 5000 gonger for at artisten og plateselskapet skal få att det same beløpet.

Sjølv er eg lærar og spelemann, men ikkje frilansmusikar eller plateartist. Eg har difor vore i kontakt med nokre aktørar i bransjen og kategorisert argumenta som kom fram.

Pro strøyming
Promo-argumentet: Strøymetenester er den viktigaste arenaen for å bli sett og høyrt av til dømes konsertarrangørar. Dette blir dermed viktig for å skaffe spelejobbar.

Det-er-praktisk-argumentet: Med strøyming kan du enkelt kople deg opp til høgtalarar i heimen og bilen via ein mobiltelefon eller PC. Vidare kan ein nerd som vil jamføre låtteformer og balladeversjonar enkelt få opp 15-20 ulike variantar.

Vil-nå-ut-til flest-mogleg-argumentet: Det er som nemnt viktig å kunne nå ut til musikkinteresserte ikkje berre i Noreg, men også andre stader på kloden. Som ein artist seier: «Langt færre ville ha oppdaga musikken min om eg berre gav ut CD/LP.» Me veit jo at det sit folk og spelar hardingfele i Tokyo spelemannslag, dansar pols i Wisconsin og spelar setesdalsgangar på munnharpe i Kaukasus. Sjansen er såleis større for å nå ut til ein større marknad, sjølv om denne marknaden er gigantisk og uoversiktleg.

Det-er-ikkje-her-eg-tener-til-livets-opphald-likevel-argumentet: Mange gjev uttrykk for at hovudinntektskjelda deira ikkje kan vera basert på platesal, sjølv ikkje i ei verd utan strøymetenester, til det er målgruppa for lita. Dei baserer seg i hovudsak på stønadar, spelejobbar og bijobbar. Andre har ein annan jobb og folkemusikk som hobby. Ei som har jobba ein del crossover, fortel òg at folkemusikarane er relativt heldig stilt i forhold til andre sjangrar som ikkje har sjans til å få inn like mykje i stønad.

Algoritme-argumentet: Ei eg har prata med, håpar ein kan få inn nokre nye lyttarar som «dumpar» innom litt tilfeldig fordi Spotify gjennom algoritmane sine foreslår artistar ein kanskje liker. Dermed får dei kanskje høyre musikk dei elles ikkje hadde høyrt.

Pro fysisk format
Booklet-argumentet: For oss som driv med folkemusikk er ofte konteksten viktig. Mange legg flid i å skrive eit omfattande og informativt CD-hefte og/eller bok. Dette er funksjonar som ikkje er tilgjengelege på Spotify.

HI-FI-argumentet: Ifylgje forståsegpåarar så kan ikkje lydkvaliteten ein får på strøymetenester måle seg med den du kan få på CD, for ikkje å snakke om LP-plater. Du er sjølvsagt avhengig av tipp-topp avspelingsutstyr i heimen for å kunne nyttiggjera deg av dette.

Anti-algoritme-argumentet: «Det rare med Spotify», fortel ein kontakt, «er at det har greidd å få så total kontroll på lyttarane utan at dei har noko kvalitetskontroll eller god kuratering. Alt er kommersialisert og algoritmestyrt».

Nostalgi-argumentet: Kva kan vel måle seg med å setja på ei god gamal LP-plate, eller 78-plate for den del, høyre stiften leggje seg nedpå og deretter vente dei små sekunda før lyden kjem?

Finst det eit problem og finst det ei løysing?
Så kan ein spørja seg: Kunne ikkje plateselskapa ha teke vekk musikken frå dei store strøymeplattformane og funne ei betalingsløysing der meir av pengane gjekk til artistane? Fleire av artistane eg har vore i kontakt med, kjem inn på nettopp denne tanken.

Somme trekker fram den nettbaserte platebutikken BandCamp, der ein kan gå inn «å oppdage, få kontakt med og gje direktestøtte til artistar ein oppdagar». Denne funksjonen manglar diverre i Spotify, som er basert på at alle abonnementspengane blir samla i ein pott og deretter fordelt på alle artistane ut ifrå kven som er spelt mest og minst. Ein artist uttrykker til dømes si undring over nettopp dette: «At ikkje fleire plateselskap tek ut heile katalogar og legg dei enten på eigne streamingsystem eller via type Bandcamp, forstår eg rett og slett ikkje.»

I podcast-verda finst det også Patreon-ordningar, der ein også kan gå direkte inn og gje stønad til podcastvertar. Ettersom fleire podcastar er vortne meir og meir populære, har dei også trekt seg attende bak betalingsmurar. Ein artist eg har prata med, problematiserer dette: «Eg synest det er viktigare at musikken vår er tilgjengeleg for alle, enn at me skal tene bitte litt meir ved å f.eks. gå bak ein betalingsmur. Trur færre hadde høyrt oss då».

Det kan synast som at musikkartistane står overfor noko av dei same problemstillingane som dei store massemediehusa har bala med. Når ein fyrst har opna for gratisløysingar, har også folk vorte van med det. Men som ein artist uttrykker: «Folk må vite at dei høyrer på noko som har kosta artisten hundretusenar. Tar du med eigeninnsats i form av øving blant anna så er ei albumutgjeving ei svært kostbar affære».

Konklusjonen synest å vera at det er urealistisk å sjå for seg ei teneste som skaper meir rettferdig fordeling når folk fyrst og vendt seg til Spotify, Tidal, YouTube Music osb. Ein plateprodusent eg prata med, har eit medvite forhold til dette, han seier om musikken dei produserer: «Vi gjev han ut og gjev han bort». Men neste gong du er på eit platesleppkonsert, kan du kanskje stø artisten uansett og kjøpe ein CD? Om ikkje anna, så får du ifylgje ein spelemann eg prata med, ei sabla god isskrape!

Av Kjellbjørn Karsrud, styremedlem i FolkOrg

Artikkelen vart først publisert i Ballade

Kronikkforfattar Kjellbjørn Karsrud, styremedlem i FolkOrg.
Foto: Thor Hauknes