FolkOrg oppretter prisen Årets folkemusikkfotografi som ein årleg prisutdeling i forbindelse med Folkelarmprisen.

Prisen for årets folkemusikkfotografi vert delt ut for første gong under Folkelarm i november. Kven som helst kan sende inn sine bilete til nominasjon.

Prisen Årets folkemusikkfotografi består av ein kategori med tre nominerte bilete og eit av bileta vert kåra til Årets folkemusikkfotografi.

Premien for å få biletet sitt kåra til Årets folkemusikkfotografi er, forutan heider og ære, kr 5000, der FolkOrg med det får rettane til å bruke biletet. Vinnaren vil og få eit trykk av biletet med ramme og inskripsjonen Årets folkemusikkfotografi 2019.

Juryen består av: Folkelarmprisjuryen, og i tillegg ein profesjonell fotograf.

Retningslinjer for prisen:

  • Bileta må være teke i forbindelse med eit folkemusikkrelatert arrangement i Noreg.
  • Bileta må være teke i perioden som gjeld for utgjevingar til Folkelarmprisen. Frå 1. september 2018 til 31. august 2019. Slik vil bilete frå alle festivalar/arrangement i løpet av det siste året kunne bli representert.
  • Det bør være tydelege element av folkemusikk og/eller folkedans på biletet.
  • Alle kan sende inn totalt tre av sine eigne bilete til juryen.
  • Tre bilete vert nominert til prisen, ein fotograf kan berre verta nominert med eit bilete.
  • Eit bilete vert kåra som årets folkemusikkfotografi.
  • Dersom det er nærbilete av ein eller få personar, må dei som er på bileta ha godkjent at bileta vert sendt inn til juryen.

Alle som sender inn bilete må godkjenne at bileta vert nytta i samband med utdelinga av prisen, til dømes som reklame for prisutdelinga i sosiale medier.

Bilete, max 1 MB i størrelse, sendast til info@folkorg.no
Frist for innsending av bilete er 15. september.

 

Kontaktperson:
Liv Annette Nygjerdet
Informasjonsrådgjevar i FolkOrg
Tlf: 93419382
E-post: livannette@folkorg.no