Som følge av koronapanedmien må konsertar avklarast med TONO direkte

Norsk musikkråd har hatt ei sentral rammeavtale med TONO for betaling av vederlag til rettighetsopphavarar. I desember var det gode utsikter til at vi på nyåret kunne gjennomføre aktiviteter og konsertar. Slik situasjonen er no, er utsiktene til konsertar betraktelig redusert.

Ingen ny avtale enno
Norsk musikkråd har vore i samtaler med TONO om korleis vi kan innrette en rammeavtale i 2021. Som følgje av smittesituasjonen er det pr i dag ikke hensiktsmessig å etablere ei TONO-avtale no.

Arrangørar må melde inn sjølv 
I perioden det ikkje er nokon sentral rammeavtale, må kvar arrangør som skal nytte vederlagspliktig musikk på eigne konsertar, avklare rettane med TONO i hvert einskild tilfelle.

FolkOrg dekkjer kostnadane
Så lenge FolkOrg har vore dekt av Norsk Musikkråd sin TONO-avtale har vederlag for konsertar arrangert av medlemslag og medlemsarrangørar blitt betalt direkte av FolkOrg. Fram til den nye TONO-avtala er på plass må kvar arrangør melde inn og betale vederlag sjølv, og deretter få tilbakebetalt utlegget frå FolkOrg.

I forbindelse med planlegging av konsert, må kvar arrangør gjera følgande i forkant av konserten :

Ikkje alle verk har vederlagsplikt. Unntaket er:

  • Konsertar der samtlige opphavarar og tilretteleggarar (arr.) har vore død i meir enn 70 år. Etter dette fell verket i det fri, som betyr at du fritt kan bruke verket utan spesielle tillatelsar og du skal heller ikkje rapportere eller betale til TONO.
  • Musikkverk som ikkje er registrert hjå TONO eller hjå nokon av TONOs internasjonale partnarar. Merk: Opphavsretten gjeld fortsatt, men når ein opphavar melder seg inn i TONO, vert forvaltningen av alle musikkverk overført dit.

*
Denne ordninga gjaldt i fyrste omgang for alle konsertar i perioden januar-mars, men har vorte forlenga på ubestemt tid. Det vil si at eventuelle konserter som er allerede er gjennomført i 2021, må meldast inn til TONO i etterkant.
————————————————————————–

Har du spørsmål om TONO? Ta kontakt med
Solfrid Nestegard Gjeldokk i FolkOrg/ solfrid@folkorg.no /
tlf. 415 52 655