Styret i FolkOrg valde hausten 2018 å dele ut kr. 100 000,- til ulike dansearrangement. Det kom inn heile 44 søknader! 19 av desse har fått tilskot.

Det kan sjå ut som om 2019 vil bli eit år med mykje danseaktivitet, i alle fall om ein skal sjå på all aktiviteten som vert planlagt rundt om i krikar og krokar i Folkemusikk- og Folkedans-Noreg. Det er gledeleg å sjå at det kom inn så mange søknader til denne tilskotsordninga.

Diverre kan ikkje alle 44 få stønad, men vi håpar at arrangement vert gjennomført likevel. Her kan de sjå kven som har fått stønad.

Fordeling dansetilskot 2018