Øyvind Sandum har laga FolkOrgs jubileumsslått!

Eit jubileum treng ei fanfare, ein kjenningsmelodi!
Difor lyste vi før jul i 2022 ut ei konkurranse der vi inviterte musikere til å komponere vår jubileumsslått. Vi er overvelda over responsen! Innan fristen i januar hadde vi fått inn 35 bidrag frå 31 ulike komponistar. Tusen takk til alle som har sendt inn bidrag!

For å kåre vinnaren av konkurransa fekk vi hjelp frå ein jury på tre personar. Dette var Jo Asgeir Lie, Johanne Mjøs og Ragnhild Furubotten. Juryen vår hadde møte 31. januar og kåra Øyvind Sandum til vinnar av konkurransa!

Om vinnarslåtten seier juryen:
«Øyvind Sandums marsj er høgtideleg og ein verdig låt til eit jubileum. Det er ein heilskapleg melodi med ein klar og god komposisjon. Slåtten er fleksibel ved at han passar i mange konstellasjonar og samspelgupper».

Urframføring på opningskonserten i februar!
Jubileumsslåtten vart urframført under opningskonserten til jubileet den 11. februar, av Ronny Kjøsen, Thomas Nilssen og Thomas Lomundal. Jubileumsslåtten vart og framført som finalenummer på denne konserten med Over Stok og Steen*, Synnøve Brøndbo Plassen, Tuva Færden, Eir Vatn Strøm og mange studentar frå NMH. Det var Ronny Kjøsen som arrangerte slåtten til Øyvind Sandum til opningskonserten.

Innspeling og arrangering av Jubileumsslåtten
FolkOrg ønskjer at jubileumsslåtten skal nyttast fleire gongar under jubileet og har difor sett Ronny Kjøsen til å arrangere slåtten til dømes til kor, spelemannslag, trekkspelklubbar og korps. Dette vert tilgjengeleg for dei som ønskjer å bruke det etterkvart.

Slåtten kjem på Spotify!
Slåtten vart spelt inn 5. mars på Øra Studio i Trondheim. Øyvind Sandum inviterte med seg Ronny Kjøsen, Øyvind Smidt og Jo Ranheim til å spele inn slåtten. Vi gler oss til å presentere innspelinga av slåtten, og lovar å spre den vidt og høgt når den er klar!

#FolkOrg100
Tusen takk til Øyvind for den flotte slåtten og tusen takk til alle som sendte inn bidrag. Vi oppfordrar alle som har sendt inn bidrag til å gjere opptak av sin slått, og legge denne ut i sosiale mediar under emneknaggen #folkorg100

 

*Over Stok og Steen: Ronny Kjøsen, Thomas Nilssen og Thomas Lomundal, Frode Slupphaug og Reidar Dahle

Øyvind Sandum, Ronny Kjøsen, Øyvind Smidt og Jo Ranheim i Øra Studio