I Noreg har vi svært mange eldsjeler i folkemusikk- og folkedansmiljøet, og no ønskjer vi å heidre desse som legg ned store mengder frivilljugt arbeid!

FolkOrg deler difor ut prisen FolkOrgs eldsjelpris, til ros og påskjøning.

Med denne prisen ønskjer vi å setje fokus på alt det gode arbeidet som vert lagt ned i små og store lag og miljø landet over. Prisen skal gå til ein person som har utmerkt seg gjennom sitt engasjement og sin innstats for folkemusikken og/eller folkedansen i Noreg, og som i stor grad har stødd opp med friviljug arbeid gjennom tida mellom to landsmøter i FolkOrg.

FolkOrg ønskjer å gje denne prisen til ein person som med sine positive haldningar, sin inkluderande veremåte og ekstraordinære innsats er med på å skapa eit godt og trygt miljø for folkemusikk- og folkedansinteresserte i alle aldrar.

Dersom du kjenner ein person som passar til denne beskrivinga, kan du nominere vedkommande som kandidat til å motta FolkOrgs eldsjelpris for 2022/2023

Frist for å sende inn forslag til prisen er 1. september 2022

Prisen vert delt ut på Landsmøtet i FolkOrg i april 2023.

 

Harald Omnes - Årets eldsjel 2021
Foto: Knut Utler