I Noreg har vi svært mange eldsjeler i folkemusikk- og folkedansmiljøet, og no ønskjer vi å heidre ein av alle desse som legg ned store mengder frivilljugt arbeid i løpet av året.

FolkOrg deler difor ut prisen Årets eldsjeltil ros og påskjøning.
 
Med denne prisen ønskjer vi å setje fokus på alt det gode arbeidet som vert lagt ned i små og store lag og miljø landet over. Prisen skal gå til ein person som har utmerkt seg gjennom sitt engasjement og sin innstats for folkemusikken og/eller folkedansen i Noreg, og som i stor grad har stødd opp med friviljug arbeid gjennom året som har gått. FolkOrg ønskjer å gje denne prisen til ein person som med sine positive haldningar, sin inkluderande veremåte og ekstraordinære innsats er med på å skapa eit godt og trygt miljø for folkemusikk- og folkedansinteresserte i alle aldrar

Dersom du kjenner ein person som passar til denne beskrivinga, kan du nominere vedkommande som kandidat til å motta FolkOrgs eldsjelpris for 2021.

Frist for å sende inn forslag til prisen var 15. november

Frå dei innsendte forslaga vert det valgt ut nokre nominerte, som vert presentert gjennom nett-programma våre, AdventFolk, som kjem i desember. Kven som til slutt får denne prisen vert kunngjort tredje sundag i advent. Følg med!