Ledig stilling som prosjektleiar for 100-årsjubileum! Søknadsfrist er 7. november.

I 2023 er det 100 år sidan Landslaget for spelemenn vart stifta. FolkOrg, som er ei samanslutning av Landslaget for spelemenn og Norsk Folkemusikk- og Danselag, ønskjer å feire dette jubileet skikkeleg. I samband med det lyser vi no ut ei prosjektleiarstilling på i første omgang 40 %. Vi ser for oss at stillinga blir større når vi får på plass meir finansiering, og jubileumsåret nærmar seg.

FolkOrg – Organisasjon for folkemusikk og folkedans, har som føremål å arbeide for folkemusikken og folkedansen i Noreg ved å styrke deira rolle og vilkår i samfunnet, og med det fremje både kulturarv og god folkehelse.  

Organisasjonen har i dag om lag 4300 medlemmer og 160 lokale og regionale spelemannslag. Blant våre medlemmer finst både profesjonelle musikarar og dansarar, amatørar, spel- og dansarlag, arrangørar, instrumentmakarar og pedagogar. 

Ansvarsområde og oppgåver
Prosjektleiaren har ansvar for å planlegge og gjennomføre ei god jubileumsfeiring for FolkOrg, der vi engasjerer medlemmer, lag og arrangørar i heile landet, for å løfte fram folkemusikken, folkedansen og organisasjonen.  

Arbeidsoppgåver

  • Lage ein god prosjektplan for jubileet, og sørge for gjennomføring og rapportering.
  • Vere økonomiansvarleg for prosjektet, inkludert å søke tilskot.
  • Sørgje for god prosjektleiing og koordinering av alle involverte.  

Styret i FolkOrg har sett ned ei prosjektgruppe som skal stø prosjektleiaren i planlegginga.  

Kompetanse og personlege eigenskapar
Vi ser etter ein person som: 

  • har høgare utdanning innan folkemusikk, folkedans, kulturfag eller liknande. 
  • er god på prosjektleiing og arrangement.
  • har god kunnskap om folkemusikk- og folkedansmiljøet i Noreg generelt og FolkOrg spesielt.
  • har god erfaring med å søke tilskot. 
  • har god økonomiforståing og -kontroll. 
  • har gode kontaktskapande eigenskapar og evner til samarbeid.
  • har evner til sjølvstendig arbeid. 
  • er initiativrik, fleksibel og strukturert. 
  • har godt nettverk i Folkemusikk-Noreg. 
  • har stor arbeidskapasitet. 
  • har godt humør.  

Søkarane må rekne med arbeid kveld og helg i periodar. 

 

Arbeidsstad
FolkOrg har kontor i Møllergata 39 i Oslo, men det kan også vere opning for heimekontor etter avtale. 

Løn etter FolkOrgs lønssystem
Den tilsette vil bli innlemma i organisasjonens pensjonsavtale. Næraste overordna er dagleg leiar. 
 

Dato for oppstart
Så snart som råd.
 

Søknadsfrist
7. november 2021
 

Varigheit
til ca. Mars 2024

Søknad
Søknad med CV sendast til: linda@folkorg.no  

For spørsmål om stillinga
Kontakt dagleg leiar i FolkOrg, Linda Dyrnes
tlf 481 05 075
e-post:
linda@folkorg.no