Som følgje av covid-19 vart avtalene sett på pause i første halvår 2021. Desse er no reetablert og gjeldande for perioden 1. juli - 31. desember 2021.

FolkOrg si avtale med TONO
FolkOrg har lenge hatt ei rammeavtale for Tono-vederlag gjennom Norsk Musikkråd. Gjennom denne avtala har alle lag og heilårsarrangørar som er medlem i FolkOrg fått dekt TONO-vederlag for konsertar opp til ein viss storleik.

Ny avtale for andre halvdel av 2021
Etter å ha vore sett på pause under pandemien er avtala no reetablert og gjeldande for konsertar i perioden 1. juli – 31. desember 2021.

Les meir om FolkOrg si avtale med TONO her.

Arrangørar må vera medlem i FolkOrg
For å kunne væra omfatta av avtala må arrangørlaget vera meldt inn til Norsk musikkråd av sentralleddet (FolkOrg) og deretter    godkjent av TONO.
Les meir om medlemskap for arrangørar her

Viktig informasjon om konsertar i fyrste halvdel av 2021
For konsertar som er gjennomført i perioden 1. januar – 30. juni 2021 må kvar einskild konsert meldast inn til TONO og betalast av arrangøren sjølv.

Arrangørar må melde inn sjølv 
I perioden det ikkje har vore nokon sentral rammeavtale, må kvar arrangør som har nytta vederlagspliktig musikk på eigne konsertar, avklare rettane med TONO i kvart einskild tilfelle.

FolkOrg dekkjer kostnadane
Så lenge FolkOrg har vore dekt av Norsk Musikkråd sin TONO-avtale har vederlag for konsertar arrangert av medlemslag og medlemsarrangørar blitt betalt direkte av FolkOrg. For konsertar i perioden det ikkje har vore nokon avtale mellom TONO og FolkOrg (1. januar – 30. juni) må kvar arrangør melde inn og betale vederlag sjølv, og deretter få tilbakebetalt utlegget frå FolkOrg.