FolkOrg si stønadsordning til særskilde rekrutteringstiltak i spel- og dansarlag er fordelt. Til saman 100 000 kr. er fordelt.

Gjennom ordninga deler FolkOrg ut 100 000 kr årleg til særskilde rekrutteringstiltak i og til sine lokallag i Noreg. I år har det kome inn mange søknader. Diverre kan ikkje alle få stønad. Den samla søknadssummen var på kr 495 200, og 100 000 kr vert fordelt slik:

Bø juniorspelemannslag – 5000 kr
Elverum Danselag – 4000 kr
Engerdalsringen – 4000 kr
Folkemusikkarkivet for Rogaland – 5000 kr
Gjøvik spelmannslag – 10000 kr
Gol/Ål/Geilo/Hemsedal/Nes/Hugnad – 5000 kr
Heme Dine – 10000 kr
Kongsberg Spel og Dansarlag – 4000 kr
Naustedalen Spelemannslag – 4000 kr
Oppdal spell- og dansarlag – 5000 kr
Osterøy spel- og dansarlag – 5000 kr
Seljord folkemusikklag – 4000 kr
Setesdal spelemannslag – 5000 kr
Spelmannslaget i BUL Nidaros – 5000 kr
Strunkeveko – 10000 kr
Telemark folkemusikklag – 10000 kr
Voss spelemannslag – 5000 kr

Kjøp straum hos SVORKA og støtt FolkOrg si stønadsordning for rekruttering.
Styret i FolkOrg ønskjer å styrke stønadsordninga for rekruttering til lokallaga. Som del av arbeidet med medlemsfordelar, har FolkOrg ei gunstig straumavtale med straumleverandøren SVORKA. FolkOrg vil i tillegg til god pris til sine medlemmar, få prosentar på inntekta frå FolkOrg-medlemmar som teiknar straumavtale. Denne inntekta har styret i FolkOrg vedteke skal gå til FolkOrg si stønadsordning for rekruttering. FolkOrg håpar no å auke potten ved at mange medlemmar går over til SVORKA som straumleverandør.

Les meir om straum hos SVORKA som medlemsfordel, og bestill straum her