Lag og arrangørar som er medlemer i FolkOrg er dekt av Norsk Musikkråd si rammeavtale for TONO-vederlag.

FolkOrg si avtale med TONO
FolkOrg har lenge hatt ei rammeavtale for Tono-vederlag gjennom Norsk Musikkråd. Etter å ha vore sett på pause under pandemien har den tidlegare avtala med TONO vore reforhandla kvart halvår. Avtale for 2023 er etablert for utøverlag. For arrangørlag tas det sikte på at denne vil komma i løpet av kort tid og vera gjeldande frå 01.01.23.

FolkOrg si TONO-avtale
FolkOrg har ei rammeavtale for Tono-vederlag gjennom Norsk Musikkråd. Gjennom denne avtala får alle lag og heilårsarrangørar som er medlem i FolkOrg dekt TONO-vederlag for konsertar opp til ein viss storleik.

Rapportering
Alle som nyttar verna materiale på konsert må betale vederlag og rapportere kva musikk som er framført, slik at opphavarane får betalt vederlag.

Utøvarlag eller arrangørlag?
Det er ulike bestemmelsar avhengig av om laget er eit såkalla utøvarlag eller et arrangørlag. Begge typer lag må vera medlem i FolkOrg.

  • Eit utøvarlag gjeld i denne samanhengen spelemannslag, dansarlag og andre lokallag der utøvarane i laga sjølv spelar på konserten.
  • Eit arrangørlag er klubbar og heilårsarrangørar av konsertar.

For å kunne væra omfatta av avtala må arrangørlaget vera meldt inn til Norsk musikkråd av sentralleddet (FolkOrg) og deretter    godkjent av TONO. Alle konsertarrangører må vera betalande medlemer i FolkOrg for å kunne dra nytte av avtala. 

Det er følgande hovedkrav:

  • Laget må vera registrert i frivillighetsregisteret
  • Laget må ikkje ha meir enn 40 konserter årleg
  • Laget må ikkje har meir enn 400.000 i årlig billettomsetning

Dersom arrangørlaget overstig 40 konserter og/eller 400.000 i årleg billettomsetning vert det gjort ei konkret vurdering av det    aktuelle laget for å komma fram til eit vederlag.

Endringar må meldast av sentralleddet (FolkOrg) til Norsk musikkråd innan henholdsvis 25. april og 25. november.

Dersom arrangøren vert godkjent vil den vera omfatta frå påfølgande halvår (fra 1. juni eller 1. januar).

—————————————————————————-
For meir informasjon om avtala og svar på ofte stilte spørsmål, sjå på Norsk Musikkråd sine heimesider. 

FOR UTØVARLAG: 
Billettomsetning (billettinntekt) bestemmer korleis du skal rapportere og betale vederlag:
A – Billettomsetning frå kr. 0,- til kr. 50 000,- 
Rapport: Fyll ut dette skjemaet frå TONO.
Benytt gjerne feltet for merknad til å opplyse kva for organisasjon de er tilslutta og at de ikkje skal fakturerast for den aktuelle konserten.
Frist: 14 dagar innan avholdt konsert.
Betaling: Organiserast av sentralleddet (FolkOrg).

B – Billettomsetning frå kr. 50 000,- til kr. 200 000,- 
RapportFyll ut dette skjemaet og send det til sentralleddet.
Frist: Seinast 15. juli og 15. januar for det føregåande halvår.
Betaling: Betaling: Laget vil motta ein faktura frå TONO på 5 pst av billettomsetninga (frå fyrste krone).

Konsertar på festival, revy, noregsmeisterskap, regionssamlingar mm. er ikkje omfatta denne avtala.

FOR ARRANGØRLAG:
NB: Avtale for arrangørlag er under arbeid og er klar i løpet av kort tid. Denne vil vera gjeldande frå 01.01.23.

Gjeld heilårsarrangørar av folkemusikkonsertar (NB – ikkje festivalar)

Alle konsertar rapporterast på same måte. Ta kontakt med sentralleddet (FolkrOrg) dersom de får meir enn 40 konsertar eller totalt 400.000 i billettinntekt i løpet av eit kalenderår.

Einskildkonsertar (Ein konsert med éin billett)
Fylg instruksane på denne sida, og merk at ein som arrangør både må søkje om løyve i forkant av konserten i tillegg til å rapportere inn i etterkant. Benytt gjerne feltet for «melding» til å opplyse kva for organisasjon de er tilslutta og at de ikkje skal fakturerast for den aktuelle konserten.
Frist: Seinast 30. juni og 31. desember for det føregåande halvåret.
Betaling: Organiserast av sentralleddet (FolkOrg).

Konsertar på festival (fleire konsertar på éin billett)
Er ikkje omfattet av rammeavtala med Norsk musikkråd.

Du må derfor søkje, rapportere og betale direkte til TONO – meir info (tono.no).
—————————————————————————-
Har du spørsmål om TONO? Ta kontakt med
Solfrid Nestegard Gjeldokk i FolkOrg/ solfrid@folkorg.no /
tlf. 415 52 655