FolkOrg har sendt brev til Kulturdepartementet der vi ber om tiltak for å minske dei økonomiske konsevensane av koronaviruset for kulturfeltet.

FolkOrg ber Kulturdepartementet om tiltak for å minske dei økonomiske konsevensane av koronaviruset for kulturfeltet.

Vi har full forståing for at regjeringa no set inn drastiske tiltak for å minimere smitte av korona-viruset. Men det har store økonomiske konsekvensar for musikarar, dansarar og arrangørar, mellom andre medlemmene i FolkOrg, når heile livemarknaden nå stengast ned på uviss tid. Våre utøvarar har i stor grad si inntekt frå konsertar, førestillingar og DKS-produksjonar. I tillegg har ein del inntekt frå instruksjon i spel -og dansarlag, som no ikkje har øvingar. Dei har liten grad sikkerheitsnett økonomisk, og dei fleste har allereie før denne situasjonen ein trong økonomi.

Organisasjonane på musikkfeltet har hatt tett dialog om dette dei siste dagane, og vi opplever å vere samstemte om kva tiltak som må settast inn.

Vi stør opp om brevet som Creo har sendt departementet i går, der dei kjem med framlegg til løysingar som kan hjelpe situasjonen.

Vi ber om at departementet etablerer ordningar så snart som rå, ut frå tilrådingane frå Creo. Vi er bekymra for framtida til kulturfeltet, om ikkje utøvarane og arrangørane får hjelp i denne situasjonen.

Om vi i FolkOrg kan bidra med noko, er vi sjølvsagt tilgjengelege for departementet.

Linda Dyrnes
Dagleg leiar

Les brevet vi stør opp om frå Creo her