I 2023 er FolkOrg 100 år, og vi ønsker å invitere til ei felles markering av folkemusikken og folkedansen, i heile landet, heile året! Vi vel å kalle jubileumsåret for folkemusikken og folkedansen år, og vi håper du vil feire i lag med oss, for det vert ikkje fest før alle er invitert!

Folkemusikken og folkedansen år!
Eit hundreårsjubileum er eit godt høve til å feire stort. Vi ynskjer både å feire organisasjonen og det den har stått for og står for i dag, men vi ynskjer òg å nytte høvet til å sette søkjelyset på folkemusikken og folkedansen i dagens og framtidas Noreg. Vi vel derfor å kalle jubileumsåret for folkemusikken og folkedansen år, og inviter heile Noreg til å ta del i feiringa.

Feiringa skal føre til at folkemusikken og folkedansen i Noreg får eit ekstra løft, slik at den blir betre kjend. Vi skaper identitet til eigen kulturarv, og vi gjer folk nysgjerrige på ulike tradisjonar. Vi meiner at det vil skape auka forståing kulturar i mellom. Vi skal derfor òg rette søkjelys på folkemusikk og folkedans i møte med andre sjangrar og kulturar.

Feiring i heile landet!
FolkOrg som organisasjon er ingenting utan våre utøvarar, lag og arrangørar rundt om i heile landet. Vi vil at jubileet skal vise heile bredda innan folkemusikken og folkedansen, og håpar at du medlem i FolkOrg vil vere med på feiringa?

Litt om jubileet

I 2023 skal vi løfte folkemusikken og folkedansen som sjanger uavhengig av organisasjonstilhøve, og oppfordrar heile Kultur-Noreg til å ha eit særskild fokus på folkedans og folkemusikk i 2023. Men medlemmane i FolkOrg er sjølvsagt aller viktigast i feiringa av vår. 

Vi kan ikkje gjere alt vi ynskjer, men her er eit døme på kva som er under planlegging og håper vi får til:  

Avspark i Oslo, formell opning av jubileet og Folkemusikken og Folkedansens år (februar) og framføring av jubileumsslått. 

Samarbeid med Vossa Jazz som fyljer 50 år i 2023, (mars)  

Markering under Landsmøtet i FolkOrg (april) 

Songstafett gjennom landet (mai)

Markering under Landskappleiken (juni) 

Debattar og seminar Kulturytring (juni) i samarbeid med Norsk senter for folkemusikk og folkedans 

Markering under Landsfestivalen i gammaldansmusikk (august) 

Jubileumskonsert i Grieghallen (oktober) 

Jubileumsantologi, redaktørar Rasmus Stauri og Sigrid Moldestad  

Fotoutstilling 

Markering under Folkelarm (november) 

Samarbeid med NRK 

Kva kan vi samarbeide om?  

Vi lagar ein felles kalender for folkemusikken og folkedansens år – har du eit arrangement som passar i ein felles kalender, meld i frå og vi legg det inn i oversikta.  

Vi lagar eit grafisk materiell for folkemusikken og folkedansen år, verdig ein 100 års fest. Dette materialet kan du bruke på dine nettsider, i sosiale media og eller på papir.  

Har du og bursdag seier du? Kva kan vi gjere for å løfte kvarandre?  


Forslag til kva kan du kan gjere

Lage eit jubileumsarrangement i 2023, det kan være ein pizzakveld, quiz, dans eller konsert. Send oss info og vi legg det inn i vår arrangementskalender. 

Har du eller ditt lag allereie eit arrangement i 2023 du syns kan passe inn i ei jubileumsmarkering? Send oss info og vi legg det inn i vår arrangementskalender. 

Husk ingen arrangement er for små, ingen er for store!   

Har du foto, video eller ein historie du ynskjer å dele? Send oss info, og vi delar i våre sosiale kanalar. 

Har du idear, tips som kan passe inn i ei av markeringane våre, ta kontakt med prosjektleiar. 

Jubileumsslått og stort og smått! 
Vi kjem blant anna til å lyse ut ei konkurranse om å lage ein jubileumsslått til jubileet, så følg med på våre nettsider og #folkorg100år. 
 

Vi håpar du har lyst til å feire FolkOrg er 100 år, og folkemusikken og folkedansens år med oss! 

Berre saman kan vi få den synleggjeringa vi ynskjer for, og vi syns folkemusikken og folkedansen fortenar.   

Vi gler oss til å feire i lag med dykk! 

Ta gjerne kontakt med prosjektleiar for jubileet:
Ann Helen Erichsen
e-post: annhelen@folkorg.no
mobil: 957 73 200